Treningsstudio

Prisar for abonnement

Langtidsabonnement

kr 1200
Heilårsabonnement, medlem
kr 1500
Heilårsabonnement, ikkje-medlem
kr 600
Halvårsabonnement, medlem
kr 800
Halvårsabonnement, ikkje-medlem

NB! Feriefolk, bortebuande studentar og eventuelt andre får 50 % rabatt på desse prisane. Kvart enkelt tilfelle vert vurdert med skjøn.

Korttidsabonnement

kr 400
Tre månader, medlem
kr 300
To månader, medlem
kr 200
Ein månad, medlem
kr 100
To veker, medlem
kr 50
Ei veke, medlem
kr 600
Tre månader,
ikkje-medlem
kr 400
To månader,
ikkje-medlem
kr 250
Ein månad, ikkje-medlem
kr 150
To veker, ikkje-medlem
kr 100
Ei veke, ikkje medlem

Praktisk informasjon:

Dei som har kjøpt langtidsabonnement, vil få ein nøkkelbrikke som skal brukast ved ytterdøra. Ein har då tilgang til garderobe, toalett og treningsstudio. Nærmare info om bruken av døra og treningsstudioet er hengt opp inne og ute.


Medlemskap i Sandsøy IL skaffar du deg her!

Dei som har oppgitt at dei var eller ville bli medlem då dei bestilte abonnement, vil få fakturert medlemskapet i tillegg saman med alle fornyingar av treningsstudio-abonnementet. Dette for å forenkle vår kontroll av kven som har rett på medlemspris.

Dette gjeld berre for langtidsabonnement. Gje beskjed dersom du ikkje vil vere medlem i idrettslaget lenger, så endrar vi det!


Merknader:

Langtidsabonnement gjeld frå januar til desember, frå juli til juni, frå januar til juni, og frå juli til desember. Altså samlar vi alle heil- og halvårsabonnement til fornying to gongar i året. Dette for å forenkle administrasjonen. Dei som bestiller nytt abonnement i løpet av den siste månaden før ordinær start av desse periodene, vil få gratis tilgang desse siste vekene med på kjøpet. Ved bestilling midt i ei langtidsperiode, kan ein sjølvsagt betale for tilgang for heile den perioden, eller kjøpe eit korttidsabonnement i første omgang.