Klart til opning av Ronja Arena

Vinterleg jubileumsutgåve
Det vart vinter og vår i fin forening då om lag 440 deltakarar var med på den 20. utgåva av Sjutoppsturen. Snøfall og låge temperaturar dagane før arrangementet gjorde at langfredag 2026 vart ei delvis snødekt affære. For mange er turen ein sterk tradisjon som nesten intet vêr eller føre kan stoppe. I konkurranseklassa vart det to vinnarar som gjentok sine tidlegare bedrifter i tillegg til å setje nye personlege rekordtider.
Alt om Sjutoppsturen 2026
Årsmøte
Sandsøy Idrettslag inviterer medlemmer, tillitsvalde og andre interesserte til årsmøte torsdag 5. mars 2026 kl. 18.30 på Dollstun.
- Vanlege årsmøtesaker
- Info om prosjekt Ronja Arena
- Evt. innkomne saker
Saker må sendast til styreleiar Ragnar Kvamme (ragnar.kvamme@entec.no) seinast 26. februar.
Vel møtt!
Atter ein strålande langfredag
Det meste var som det brukar å vere utover ettermiddagstimane også denne langfredagen. Trass i ein litt kald vind var det stort sett varme smil å sjå på plassen utanfor Rosenlund Hamn Hotell på Sandshamna. Sjutoppsturen i 2025 legg seg fint inn i rekka med dei atten føregåande utgåvene, og vil bli hugsa for å innehalde alle dei vante ingrediensane: Hundrevis av blide og spreke folk, varierande vêr og føre, og ikkje minst: sola vinn til slutt.

