Sjutoppsturen for 20. gang
Denne påska går Sjutoppsturen av stabelen for 20. gang - og som alltid på langfredag. I 2026 er datoen dermed 3. april. Start- og målområde er ved Rosenlund Hamn på Sandshamna. Det vert også matservering på forsamlingshuset Fiskarheimen, som er like ved. Ekstraferje er sett opp slik at det er avgangar om lag kvar time denne dagen.
Påmelding skjer via EQ Timing på Internett. Mosjonsdeltakarar kan gjennomføre turen i tidsromet kl. 08-18. Konkurranseklassa har fellesstart kl. 13. Det vert busstransport i samband med ferge til og frå Voksa. Våren har kome tidleg til Sandsøya i år, så løypa er snøfri og ventar berre på nettopp deg til å oppleve dei 15 magiske kilometerane like ved storhavet.
Årsmøte
Sandsøy Idrettslag inviterer medlemmer, tillitsvalde og andre interesserte til årsmøte torsdag 5. mars 2026 kl. 18.30 på Dollstun.
- Vanlege årsmøtesaker
- Info om prosjekt Ronja Arena
- Evt. innkomne saker
Saker må sendast til styreleiar Ragnar Kvamme (ragnar.kvamme@entec.no) seinast 26. februar.
Vel møtt!
Atter ein strålande langfredag
Det meste var som det brukar å vere utover ettermiddagstimane også denne langfredagen. Trass i ein litt kald vind var det stort sett varme smil å sjå på plassen utanfor Rosenlund Hamn Hotell på Sandshamna. Sjutoppsturen i 2025 legg seg fint inn i rekka med dei atten føregåande utgåvene, og vil bli hugsa for å innehalde alle dei vante ingrediensane: Hundrevis av blide og spreke folk, varierande vêr og føre, og ikkje minst: sola vinn til slutt.
Påmelding til Sjutoppsturen 2025 er opna
Sjutoppsturen vert i år arrangert langfredag 18. april. Påmeldinga er no opna gjennom nettsida EQ Timing.
Denne gongen vert det ein tradisjonell variant av Sjutoppsturen - utan x3-løpet eller konkurranseklasse med uttaksstatus til internasjonale meisterskap. Det legg uansett ingen dempar på forventningane våre til årets relativt seine påske. Velkomen til Sandsøya!

Årsmøte
Sandsøy Idrettslag inviterer medlemmer, tillitsvalde og andre interesserte til årsmøte onsdag 12. mars 2025 kl. 19.00 på Dollstun.
- Vanlege årsmøtesaker
- Info og vedtak vedr. prosjekt fleirbrukshall Oshaugane Stadion
- Evt. innkomne saker
Saker må sendast til styreleiar Ragnar Kvamme (ragnar.kvamme@entec.no) seinast 5. mars.
Vel møtt!
Årsmøte
Sandsøy Idrettslag inviterer medlemmer, tillitsvalde og andre interesserte til årsmøte torsdag 11. april kl. 19.00 på Dollstun.
- Vanlege årsmøtesaker
- Info om gapahuk på Omnfjellet
- Kva gjer vi med granene rundt idrettsbana?
- Evt. innkomne saker
Vel møtt!
Sterke prestasjonar og god deltaking på Sjutoppsturen 2024!
Nok ein gong samla idrettslaget mange spreke og fjellglade menneske på langfredag i påska. Totalt 545 deltakarar var det på Sjutoppsturen 2024. Vi observerte mange blide og fornøgde turgåarar, og blant dei som konkurrerte på tid var det mange råsterke prestasjonar på alle nivå.
Sjutoppsturen 2024 langfredag 29. mars
Sjutoppsturen på Sandsøya er tilbake langfredag 29. mars i 2024. Nytt av året er konkurranseløpet Sjutoppsturen x3, som også er kvalifisering til EM i fjelløping i Frankrike til sommaren. Dette kjem i tillegg til den tradisjonelle Sjutoppsturen.
Påmeldinga er opna via EQ Timing. Meir detaljert informasjon om arrangementsdagen kjem etter kvart. Velkomen til Sandsøya i påska!
Årsmøte
Sandsøy Idrettslag inviterer medlemmer, tillitsvalde og andre interesserte til årsmøte tysdag 7. mars 2023 kl. 19.00 på Dollstun.
- Vanlege årsmøtesaker
- Framtidig bruk av Oshaugane Stadion
- Evt innkomne saker
Saker må sendast til styreleiar Ragnar Kvamme (ragnar.kvamme@entec.no) seinast 1.mars.
Sjutoppsturen 2023 langfredag 7. april
Langfredag er det igjen dags for Sjutoppsturen på Sandsøya. Dette vert den 17. utgåva av det vi likar å kalle våren sitt vakraste eventyr - midt mellom Sunnmørsalpane og Stadhavet. I år er løpskonkurransen uttaksløp til VM i fjelløping 40 km i juni, noko som kastar nye spenningsmoment over arrangementet. Påmeldinga opnar onsdag 8. februar. Vi ønskjer å sjå nettopp deg på Sandsøya den 7. april!
Flott jubileumsfeiring!
Laurdag 3. september markerte vi at idrettslaget er 50 år i 2022. Sandsøy IL vil takke alle som tok del i jubileumsfeiringa på Oshaugane stadion!
'StikkUT!' har kome til Sande
Denne vinteren har vi hatt Sandslegene som post på Møre og Romsdal sitt 'VinterStikkUT!'-konsept. Frå og med 1. mai er vi med på sommarutgåva, som følgje av at Sande kommune blei medlem av friluftsrådet i fylket ved årsskiftet. Blant vår kommune sine turpostar, har vi med kalkverket på Voksa, i tillegg til Rinden og Dollsteinhola på Sandsøya.
Sjutoppsturen er tilbake!
Med eit fantastisk vårvêr og solskin frå klar himmel, var Sjutoppsturen endeleg tilbake langfredag 2022. Nok ein gong leverte påskeøya eventyrlege omgjevnader, og blide fjellfolk frå både fjern og nær fekk smake på dei sju toppane våre. Rett nok var det noko vått og sleipt i løypene etter vintervêret tett opp til påske, men dei aller fleste takla føret fint. Og blant konkurranseløparane var det også i år mange sterke prestasjonar og tider då Sjutoppsturen returnerte etter tre vente-år.
Resultatliste frå konkurranseklassa finn du her (trykk på teksten), og mange bilder ser du i albumet vårt på Facebook!
Informasjon om påmelding
Vi håper flest mogleg nyttar seg av nettpåmeldinga vår til Sjutoppsturen. I tillegg vil det vere ope for påmelding i sekretariatet ved Rosenlund Hamn Hotell skjærtorsdag kl. 18-20 og på arrangementsdagen langfredag. Informasjon om prisane, som er ulike på nett og over disk, finn de ved å trykke på lenka under.
Straks påske!
Det nærmar seg atter ein gong Sjutoppsturen. I år håper vi mange er spenna klar for nye eventyrlege opplevingar i havgapet, etter to år med korona-stopp. Informasjon om arrangementet langfredag 15. april finn du på våre sider.