Årsmøte

Sandsøy Idrettslag inviterer medlemmer, tillitsvalde og andre interesserte til årsmøte torsdag 11. april kl. 19.00 på Dollstun.

  • Vanlege årsmøtesaker
  • Info om gapahuk på Omnfjellet
  • Kva gjer vi med granene rundt idrettsbana?
  • Evt. innkomne saker

Vel møtt!

Sterke prestasjonar og god deltaking på Sjutoppsturen 2024!


Nok ein gong samla idrettslaget mange spreke og fjellglade menneske på langfredag i påska. Totalt 545 deltakarar var det på Sjutoppsturen 2024. Vi observerte mange blide og fornøgde turgåarar, og blant dei som konkurrerte på tid var det mange råsterke prestasjonar på alle nivå.



Les meir her

Sjutoppsturen 2024 langfredag 29. mars

Sjutoppsturen på Sandsøya er tilbake langfredag 29. mars i 2024. Nytt av året er konkurranseløpet Sjutoppsturen x3, som også er kvalifisering til EM i fjelløping i ​Frankrike til sommaren. Dette kjem i tillegg til den tradisjonelle Sjutoppsturen.

Påmeldinga er opna via EQ Timing. Meir detaljert informasjon om arrangementsdagen kjem etter kvart. Velkomen til Sandsøya i påska!  



Alt om Sjutoppsturen her!

Gapahuk på Omnfjellet


Vi skal bygge gapahuk på Grøntua, nærmare bestemt nedunder toppen av Omnfjellet. Dette er mellom Sandsbakken og antenna på Omnfjellet. Gapahuken vil få fantastisk utsikt over Sandshamna og elles panorama frå Gjøneset og Haugsbygda i aust, via Vanylven, Stadlandet og Kvamsøya i sør, til Helland og Stadhavet i vest. Byggestart vert i løpet av sommaren.



Sjå fleire bilete her