Flott jubileumsfeiring!

Laurdag 3. september markerte vi at idrettslaget er 50 år i 2022. Sandsøy IL vil takke alle som tok del i jubileumsfeiringa på Oshaugane stadion!



_____________

INVITASJON:

Jubileumsfeiring 3. september

Laurdag 3. september markerer vi at idrettslaget er 50 år i 2022. Sandsøy IL vil invitere alle til jubileumsfeiringa på Oshaugane stadion.


Program:

14:00   Velkomst

              Start Sandsøyløpet

              Friidrettsaktivitetar

              Fotballaktivitetar

 15:00   Sal av grillmat, kaffi og kaker

 16:00   Attersyn m.m.


Det vert altså løpskonkurranse, friidrettsaktivitetar og fotballspeling, samt grillmat og kaker, attersyn og god tid til god prat om alle idrettsminna hittil. Vi feirer også at det er 40 år sidan idrettsbana stod ferdig.  Det vert sett opp stort telt, så set av god tid til god prat om alle idrettsminna hittil!

Dersom du har bilder eller film, eller ei god historie, vil vi gjerne at du sender det til mailadressa  post@sandsoyil.no  eller tek kontakt med Eirik Voksøy Bringsvor.

Påmelding til landevegsløpet rundt Vågen og Myrane (ca. 8,5 km) er opna på EQ Timing sine sider.