Folk forserer både Kulen (topp 2) og Rinden (3) i bakgrunnen.
Atter ein strålande langfredag
Det meste var som det brukar å vere utover ettermiddagstimane også denne langfredagen. Trass i ein litt kald vind var det stort sett varme smil å sjå på plassen utanfor Rosenlund Hamn Hotell på Sandshamna. Sjutoppsturen i 2025 legg seg fint inn i rekka med dei atten føregåande utgåvene, og vil bli hugsa for å innehalde alle dei vante ingrediensane: Hundrevis av blide og spreke folk, varierande vêr og føre, og sola vinn til slutt.
Det var fleire som lurte på kven som hadde kjøpt vêrmeldingane denne gongen, då opphaldsvêret gjekk over i ei regnbyge tidleg på føremiddagen. Men som så ofte før vart det ikkje langvarig, og jammen kikka sola fram då det nærma seg starten i konkurranseklassa kl. 13. Allereie før klokka 07 hadde dei første mosjonsdeltakarane teke fatt på dei sju toppane. Då startskotet gjekk for dei som ønskte noko større fart, hadde vinden også leita seg fram i form av ein frisk bris.
Totalt var det 625 deltakarar i år. Dei fordeler seg slik:
- Sjutoppsturen mosjon: 538
- Sjutoppsturen konkurranse: 72
- Sandsøymarsjen landeveg: 14
Arrangøren set pris på dei som kjem tilbake år etter år for å ta del i Sjutoppsturen. Nokre er fastbuande, andre er lokale, medan nokre kjem reisande langvegs frå. Etter årets utgåve er det seks nye personar som har fullført turen 10 gongar sidan oppstarten i 2005, og som får pokal som synleg bevis på det. Vi nemner også at det i 2024 var 10 personar som gjorde det samme. Desse vart også lest opp under årets premieutdeling, då dei dessverre gjekk under radaren i fjor. Totalt er det no 41 personar som har fullført Sjutoppsturen 10 gongar.
Hesthaug for fjerde gong, og Kaspersen sin første
Noko anna vi er vorte vande med, er kven som spring raskast av alle. Slik som i 19, 22 og 23, var det også i år Jonas Hesthaug som stakk av med sigeren i herreklassa. Med tida 1:24:46 forbetra Eidsdal-løparen sin eigen personlege rekord med noke små sekund. Fire-fem minutt bak han var det tett mellom nummer to og tre. Debutant Lasse Aleksander Finstad frå Ålesund FIK sikra seg andreplassen, medan Eirik Voksøy Bringsvor frå arrangørklubben blei nummer tre. Dette er niande gongen i løpet si historie at Eirik er blant topp tre.
I dameklassa var det Yngvild Kaspersen frå Tromsø Løpeklubb som i sitt andre forsøk på Sjutoppsturen gjekk heilt til topps. Vinnartida vart i år 1:42:07. Bak henne var det fjorårsvinnar Anna Bruseth med sterke 1:54:34 på andreplass, og Lovisa Tyldum frå Rudsbygd IL med gode 2:06:04 på tredje.
Det var 68 løparar som fullførte konkurransen. Alle dei 19 damene gjorde det, medan to av herreløparane måtte bryte undervegs.
Resultatlistene finn du her (lenke til EQ Timing)
Dei tre raskaste herrane: Jonas Hesthaug (i midten), Lasse Aleksander Finstad (til venstre) og Eirik Voksøy Bringsvor.
Dei tre raskaste damene: Yngvild Kaspersen (i midten), Anna Bruseth (til venstre) og Lovisa Tyldum.
Ein fornøgd gut like nedanfor toppen av Rinden 369 m.o.h (topp 3).