'StikkUT!' har kome til Sande
Denne vinteren har vi hatt Sandslegene som post på Møre og Romsdal sitt 'VinterStikkUT!'-konsept. Frå og med 1. mai er vi med på sommarutgåva, som følgje av at Sande kommune blei medlem av friluftsrådet i fylket ved årsskiftet. Blant vår kommune sine turpostar, har vi med kalkverket på Voksa, i tillegg til Rinden og Dollsteinhola på Sandsøya.
'StikkUT!' er eit konsept som enkelt går ut på å ta turen til ulike trimpostar rundt om i fylket vårt, og registrere dette med ei kode eller direkte i app-en. Stikk UT!-sesongen er i perioden 1. mai til 31. oktober, i tillegg til vintersesongen som er i tidsrommet 15. desember til 2. påskedag.
Meir informasjon finn de på StikkUT!-nettsida (trykk på teksten).