Trimtilbodet


Trimpostane:

Rinden

Dette er høgste punktet på Sandsøya. Med sine 369 meter over havet og om lag 2000 løypemeter frå bilveg er Rinden også den klart mest krevjande toppen å bestige. På toppen har ein full oversikt i alle tenkjelege vinklar og himmelretningar. Mot vest ligg storhavet med Dollsteinen i framgrunnen. Reint vakkert er det ved solnedgang ein sein sommarkveld.

Mellom toppen og den ti meter lågare Signalen, som ein kilometer med sti lenger ute, er Øynavatnet. Rinden er den tredje toppen på Sjutoppsturen, og er naturleg nok å rekne som den hardaste delen av turen. Merka løyper frå Bringsvoren, Hellandsvågane og Skare.

Trimpoeng: 10            Høgde: 369 moh               Løypelengde: 1,8 km / 2,5 km / 2,7 km

Dollsteinen

Den mykje omtalte Dollsteinhola er vide kjend. Trimposten til idrettslaget ligg nær sjøen nedanfor den majestetiske fjellformasjonen, ikkje langt frå inngangen til sjølve hola. Med plasseringa si lengst vest på Sandsøya, har Dollsteinen i uminnelege tider vore eit landemerke for alle som kjem sjøvegen.

Trimpoeng: 7            Høgde: 5 moh               Løypelengde: 1,1 km / 2,2 km

Grøntua

Grøntua er toppen som ligg nærast sentrum på Sandsøya, Sandshamn. Turen derfrå er i overkant av 3 km lang tur/retur. Løypa er relativt bratt, men første fjerdedel er på asfaltveg opp til toppen av Sandsbakken. Med si sydvende oppstigning er turen til Grøntua i steikande sol både herleg og heit på same tid. Uvêrsdagar er det oftast relativt moderat vind, med unntak av heilt på toppen. På nordsida går det stupbratt ned i fjøra. Fjellsida er mykje dekt av stein og sand, og å ta seg ned her er ikkje å tilråde. Grøntua er sjuande og siste topp på den populære Sjutoppsturen som vert arrangert kvar langfredag.

Trimpoeng: 5            Høgde: 250 moh               Løypelengde: 1,6 km

Kletten 

Frå Kletten har du alle toppane på Sandsøya og Voksa på eitt brett. Frå venstre mot høgre ser du Voksehaugen, Kulen, Rinden, Hellandsfjellet og Grøntua. Lengst til høgre har du Sandshamna. Med sine 129 høgdemeter er dette ein fin tur som går via Flødevika. Dersom ein har bil, bør ein parkere ved skulen/barnehagen på Bringsvoren, eller ved idrettsbana.

Trimpoeng: 4            Høgde: 130 moh               Løypelengde: 1,6



    

 
Sandslegene  4 p     
Kulen  3 p     
Hellandsfjellet  3 p     
Trollhola  3 p     
Kleiveneset  3 p     
Hellandsvågane  2 p     
Voksehaugen  2 p


Sjå turkart med merka stiar.


Premiering:

Premie til dei med flest besøk på kvar post. Oppmerksemd for å ha oppnådd fylgjande poeng i tre merkekategoriar;

> Bronse 300 p.  
> Sølv 500 p.  
> Gull 1000 p.

Alle barn til og med 15 år vil få ein premie dersom dei har vore innom alle postane eller har oppnådd ein viss poengsum:


Alder:                   Min. poeng: 

6 år                        25 p

7                              31 p

8                              37 p

9                              43 p

10                           50 p

11                           55 p

12                           60 p

13                           65 p

14                           70 p

15                           75 p

Bøkene vert bytta ut ved årsskifte.