Tre nøgde gutar på sigerspallen etter å ha fullført Sjutoppsturen 2024.


Sterke prestasjonar og god deltaking på Sjutoppsturen 2024!


Nok ein gong samla idrettslaget mange spreke og fjellglade menneske på langfredag i påska. Totalt 545 deltakarar var det på Sjutoppsturen 2024. Vi observerte mange blide og fornøgde turgåarar, og blant dei som konkurrerte på tid var det råsterke prestasjonar på alle nivå.  


Dei 545 deltakarane fordeler seg slik:

  • Sjutoppsturen mosjon: 452
  • Sjutoppsturen konkurranse: 72
  • Sjutoppsturen x3: 14
  • Sandsøymarsjen landeveg: 7

På dagen varierte vêret frå lett regn på morgonen, til strålande sol tidleg på ettermiddagen, før det skya over igjen seint på dagen. Løypene hadde fått ein del regn siste døgna før langfredag, så det var ganske sleipt og gjørmete - spesielt over dei første fire toppane. 


Tre runder på fem timar!

Nytt av året var ekstremvarianten Sjutoppsturen x3. Eit konkurranseløp på 45 km lengde og med ca. 3000 høgdemeter både opp og ned. Altså tre runder av den ordninære Sjutoppsturen - eller 21 toppar om du vil. Klokka 09 sende vi avgarde 13 løparar som skulle bruke alt frå fem til ni timar på denne kraftprøva (ein av dei påmeldte stilte altså ikkje til start). Blant desse var det éi kvinne. Ho hadde dermed sigeren i lomma frå første meter. Men for å vinne må ein fullføre, og det er ikkje berre-berre.

På svært imponerande vis sprang Ingrid Marie Due-Gundersen frå Fossum IF i mål på tida 7:39:44. Ho brukte omtrent to og ein halv time på kvar av dei tre rundene. Prøv den som vil!

Blant herrane var det ni av dei tolv startande som fullførte. Tre gav seg undervegs, utan noko dramatikk. Mellom dei fire raskaste var det ikkje meir enn 20 minutt som skilte i mål. Først av alle var Fredrik Bruseth frå Romsdal Randoneeklubb. Han sprang tre runder av Sjutoppsturen på tida 5:08:39. Siste runda vart gjennomført på imponerande 1:49:37, og dei to første på 1:38:04 og 1:40:58.

Andreplassen tok Aasmund Steien frå Ren-Eng FIK om lag fem minutt bak vinnaren. Tredjemann vart Kristoffer Eftedal frå Sandefjord Turn & Idrettsforening. Han klokka i mål 16 minutt etter Bruseth. 

Sjutoppsturen x3 var uttaksløp til årets EM i fjelløping i Frankrike. Vi gratulerer dei som blir tekne ut til å representere Noreg!



Dei tre raskaste på Sjutoppsturen x3: Fredrik Bruseth (i midten), Aasmund Steien (til venstre) og Kristoffer Eftedal.


Nye vinnarar

I den tradisjonelle Sjutoppsturen var det denne gongen heile 72 påmelde i konkurranseklassa - 50 herrar og 22 kvinner. Svært gledeleg og positivt overraskande! På begge premiepallane var det nye og stort sett ukjende namn. På kvinnesida var det unge Anna Bruseth frå klubben TB som var aller raskast, og tok sigeren på tida 2:12:05. Det var først ved andre mellomtid at ho hadde skaffa seg ei leiing som heldt heile vegen til mål. Bak henne sprang Mary Torvanger frå Bremanger Motbakkelag inn til andreplass, og Birgitte Kvalsvik frå Bergsøy IL tok tredjeplassen. Dei var høvesvis fire og sju minutt bak vinnaren.

Guro Strand Rønnestad (4), Tora Haaland (5) og Wenche Bjørkeng (6) fekk også heider og premie for sine topp seks-plasseringar.

I herreklassa var det Mathias Nesgård frå Fjellhug/Vereide IL som var raskast. Han hadde leiinga frå første mellomtid, og sprang i mål på tida 1:49:53. Sju minutt etter, kom Jesper Alten frå Nordfjord FHS inn til andreplass. Like etter var det Gaute Aabrekk frå Ålesund som tok den siste pallplassen. Ved andre mellomtid var det nesten eit minutt mellom Alten og Aabrekk, og sjølv om sistnemnde tok innpå over dei siste toppane, heldt Alten unna med om lag 15 sekund og heldt med det andreplassen.

Innanfor topp seks på resultatlista var det vidare Tommy Soleim (4), Stian Mork (5) og Magnar Tufte Tyssen (6) som sikra seg nokre kroner på premieutdelinga.


Resultatlistene finn du her (lenke til EQ Timing)


 

Anna Bruseth tok sigeren blant kvinnene i det tradisjonelle løpet.


Blide og fornøgde

Sjutoppsturen har vore og er framleis likevel eit arrangement for turgåarane. 452 påmeldte mosjonistar stadfestar dette. Vi kan ikkje snakke for alle, men registrerer i alle fall mange som var godt nøgde med både eigen innsats, løypene, omgjevnadene og arrangementet elles. Konkurranseløparar meldte om fin stemning ute i løypa, der dei med lågare tempo og god tid, heia på dei som kjempa om plasseringane og mot si eiga klokke. Det liker vi å høyre!

Dei aller siste kom i mål ved 18/19-tida. Blant desse var også dagens mann på Sandsøya. Per Rune Strandabø frå Mauseidvåg nekta å gje seg, og fullførte Sjutoppsturen x3 etter ni timar og 40 minutt ute i løypa. Det må vi kalle ein tur.



Mosjonistar på veg ned frå Signalen (topp 4) mot Hellandsvågane, her med Kvamsøya i bakgrunnen.