Praktisk informasjon

Her er det viktigaste rundt gjennomføringa av Sjutoppsturen 2024: 


>> Sekretariatet ved Rosenlund Hamn Hotell er ope for påmelding og/eller henting av startnummer skjærtorsdag kl. 18-20.

>> Mosjonsklassa har ikkje eit bestemt starttidspunkt.

>> Drikkestasjonane er klare frå kl. 9 og utover på langfredag. Stasjonen mellom topp 2 og 3 vert opna då, og dei to siste er klare noko seinare på føremiddagen - tidene er tilpassa eit folkeleg gangtempo over fjella.

>> Nettpåmelding til mosjonsklassa og landevegsmarsjen er open fram til kl. 12 på arrangementsdagen.


>> Vi oppmodar tilreisande om å sykle frå ferjekaia til Sandshamna, då det vil vere press på bilkapasiteten på ferja denne dagen. Dette er ein tur på ca. 6 km på bortimot flat veg.

>> Det er busstransport mellom ferjekaia og Rosenlund på Sandshamna i korrespondanse med ferje frå og til Larsnes og Åram. Merk at det er begrensa kapasitet, slik at det må medreknast ein del ventetid.


>> Påmelding og/eller henting av startnummer i sekretariatet held ope frå kl. 8 langfredag.

>> Konkurranseklassa for Sjutoppsturen x3 har fellesstart kl. 9. Første målgang er venta kl. 13.30-14.00.

>> Konkurranseklassa for tradisjonelt løp har fellesstart kl. 13. Første målgang er venta kl. 14.15-14.30.

>> Det vil vere ein drikkestasjon med vatn i målområdet. Drikkestasjonane i løypa vil bli rydda når alle deltakarane i konkurranseklassene har passert.

>> Premieutdeling ved Rosenlund Hamn Hotell kl. 15.30.

>> Målregistrering med medaljeutdeling for fullført tur vert gjort fortløpande i sekretariatet, med siste frist kl. 18.

>> Deltakarar i Sjutoppsturen x3 får medalje for deltaking i den tradisjonelle Sjutoppsturen dersom ein fullfører minst éi runde.


Kontaktperson: Ragnar Kvamme, tlf. 951 43 936


Reglar for konkurranseklassene:

>> Det er ikkje lov å bruke stavar eller piggsko, med mindre arrangøren spesifikt tillét dette på grunn av spesielt utfordrande føreforhold.

>> Betydeleg innkorting av løypa (snarveg), gir eit tillegg i tida tilsvarande den tida vi meiner løparen har spart på snarvegen. Det skal rundast av oppover til nærmastehalve eller heile minutt. Dersom det er tvil om rekkefølgja på denne løparen og ein eller fleire andre (som sprang rett), skal vedkomande rangerast bak dei andre.

>> Løparane har sjølv ansvaret for å finne løypa, med hjelp av merking og tilgjengeleg/utdelt kart.

>> Startnummeret skal vere festa synleg på brystkasse/mage.

>> Det er sekretariatet, dei ansvarlege for tidtakinga, eller styret i Sandsøy Idrettslag som kan bestemme sanksjonar mot løparar som ikkje held seg innanfor regelverket.