Påmelding

Vi nyttar EQ Timing sin netteneste for påmelding til Sjutoppsturen 2024.

Påmelding på nett til konkurranseklassene må gjerast innan onsdag 27. mars kl. 23.59. Nettpåmelding til mosjonsklassa og landevegsmarsjen er open fram til langfredag 29. mars kl. 12.00. Det er også mogleg å melde seg på i start- og målområdet ved Rosenlund Hamn skjærtorsdag kl. 18-20 og på turdagen, men her vil det vere ein auke i prisane.

Vi har Vipps og betalingsterminal for bankkort.


Nettpåmelding

Konkurranseklassene

Nettpåmelding
Kr 200,- (170,-)


Sekretariat-påmelding
kr 300,- (270,-)

Prisen gjeld for både tradisjonelt løp og for Sjutoppsturen x3.

Kontingenten for inkluderer eingongslisens (forsikring). Prisen i parantes gjeld for deltakarar med heilårslisens i NFIF. 

Klasser: Menn/kvinner 13-17, 18-24, 25-39, 40-49, 50-59, 60 +.

Det er ikkje mogleg å melde seg på konkurranseklassa på nett etter onsdag 27. mars kl. 23.59.

Mosjonsklassa

Nettpåmelding:
Kr 120,- (100,-) for vaksne og kr 50,- for born.


Sekretariat-påmelding:
Kr 200,- (180,-) for vaksne og kr 100,- for born.

Prisen for born gjeld dei som er født 2008 eller seinare.

Kontingenten for vaksne inkluderer eingongslisens (forsikring). Prisen i parantes gjeld for deltakarar med heilårslisens i NFIF. 

Alle born er også forsikra gjennom påmeldinga. Her er det ingen fråtrekk dersom nokon har heilårslisens. Arrangøren betaler eingongslisensen utan at den vert lagt på i påmeldingsprisen. Ved nettpåmelding av born i alderen 13-15 år, kan du velge å legge til eingongslisens, eller velge 'Ikkje lisens/ikkje forsikra'. Desse borna er i praksis forsikra gjennom oss uansett. Born under 13 år vert automatisk i kategorien 'NIF barneforsikring'.

Landevegsmarsjen

Nettpåmelding:
Kr 50,- for vaksne og kr 25,- for born.

Sekretariat-påmelding:
Kr 100,- for vaksne og kr 75,- for born.

Prisen for born gjeld dei som er født 2009 eller seinare.