Straks påske!

Det nærmar seg atter ein gong Sjutoppsturen. I år håper vi mange er spenna klar for nye eventyrlege opplevingar i havgapet, etter to år med korona-stopp. Informasjon om arrangementet langfredag 15. april finn du på våre sider.

Om du ikkje kjenner konseptet:

Sjutoppsturen er 15 km lang, går over fem fjell og sju fjelltoppar, og byr på 1000 høgdemeter.

Vi nyttar EQ Timing sin netteneste for påmelding til Sjutoppsturen 2022.

Påmelding til konkurranseklassa må gjerast innan onsdag 13. april kl. 23.59. Nettpåmelding til mosjonsklassa og landevegsmarsjen er open fram til langfredag 15. april kl. 12.00. Det er også mogleg å melde seg på i start- og målområdet ved Rosenlund Hamn skjærtorsdag og på turdagen, men her vil det vere ein auke i prisane.

Basen med start og mål vil altså vere ved Rosenlund Hamn sitt nye hotell på Sandshamna. Hotellet skal offisielt opnast om kvelden etter Sjutoppsturen. Vi oppmodar deltakarar til å sjekke Rosenlund sin informasjon når det gjeld båtplass, bubilparkering, matservering og hotellrom - om det skulle vere interresse for sånt. Uansett ønskjer vi alle velkomne til Sandsøya!


 Alt om Sjutoppsturen 2022 her