Sjutoppsturen er tilbake!

Med eit fantastisk vårvêr og solskin frå klar himmel, var Sjutoppsturen endeleg tilbake langfredag 2022. Nok ein gong leverte påskeøya eventyrlege omgjevnader, og blide fjellfolk frå både fjern og nær fekk smake på dei sju toppane våre. Rett nok var det noko vått og sleipt i løypene etter vintervêret tett opp til påske, men dei aller fleste takla føret fint. Og blant konkurranseløparane  var det også i år mange sterke prestasjonar og tider då Sjutoppsturen returnerte etter tre vente-år.


Korona-restriksjonane sette stoppar for Sjutoppsturen både i 2020 og 2021, men endeleg er våren sitt vakraste eventyr endeleg tilbake! Vi likar i alle fall å kalle arrangementet ikkje noko mindre enn det - heilt audmjukt, sjølvsagt. Men noko i det, er det, for påska på Sandsøya brukar ofte å vere som ein tjuvstart på sommaren for dei som oppheld seg der. Både hyttefolk, båtfolk, fastbuande, og no hotellgjestar (!), vrimlar saman til eit yrande folkeliv som blir bakteppet for det vi meiner er noko heilt spesielt - Sjutoppsturen på langfredag.

Også i 2022 klaffa det med vêret. Etter vintervêr heilt fram til palmehelga, laga det seg til med finare og varmare vêr utover påskeveka. Snøen låg 'skummelt' til på dei høgaste toppane i relativt store mengder, men to siste døgna tina veldig mykje. Dermed vart det ganske så greie føreforhold også i år. Og på på arrangementsdagen var det såvel sol frå nesten skyfri himmel, som perfekt temperatur for både fjellvandring og konkurransespringing.


>> Resultatliste frå konkurranseklassa finn du her (trykk på teksten), og mange bilder ser du i albumet vårt på Facebook!


Jonas Hesthaug frå Eidsdal IL var raskast av samtlege for andre gong på rad (altså i 2019 også), og vann herreklassa med tida 1:27:08 - noko som er 11 sekund betre enn sist. Han hadde leiinga frå start til mål, og var eigentleg aldri trua. Vår eigen fem-gongar-vinnar Eirik Voksøy Bringsvor tok andreplassen, meir enn sju minutt bak vinnaren - plasseringa også som i 2019. Kampen om pallplassane var det litt spenning om. Eirik Solem frå Elnesvågen og Omegn IL sprang inn til tredjeplass blant herrane halvanna minutt bak Voksøy Bringsvor, men dei to skifta plasseringar undervegs. Både ved topp 2 og topp 3 og 4 var det Solem som hadde overtaket, men likevel vart det annleis til slutt.



Suverene Hesthaug ved topp 6 av 7.


Også på damesida fekk vi Sandsøy IL på andreplass. I si andre deltaking i konkurranseløpet sprang 17 år unge Juliane Voksøy Bringsvor inn til ei kjempetid på 1:56:48, og plasserte seg dermed på den (for nokon) gjeve lista over løpstider under to timar! Rutinerte Ingrid Festø, opphaveleg frå Volda, men denne gongen for Bodø Bauta Løpeklubb, var det ingen som kunne gjere noko med. Ingrid leverte nok ein gong eit solid løp, og tok førsteplassen med ei tid som er berre minuttet bak personleg bestenotering. Den står frå 2018, og med føreforholda i mente, er prestasjonen i år ganske sikkert betre enn 2018-løpet!

Denne gongen var det totalt 36 påmeldte i konkurranseklassa, derav 33 stilte til start. Mosjonsklassa talde 454 deltakarar, og det var 17 store og små som gjekk landevegsmarsjen rundt Sandsvågen. Vi takkar også for samarbeidet med Rosenlund Hamn, og gleder oss over opninga av hotellet som vart teke i bruk denne påska!

Og kanskje sjåast vi igjen, du kjære Sjutopps-deltakar, på påskeøya der sola alltid skin...!