Atter ein strålande langfredag
Det meste var som det brukar å vere utover ettermiddagstimane også denne langfredagen. Trass i ein litt kald vind var det stort sett varme smil å sjå på plassen utanfor Rosenlund Hamn Hotell på Sandshamna. Sjutoppsturen i 2025 legg seg fint inn i rekka med dei atten føregåande utgåvene, og vil bli hugsa for å innehalde alle dei vante ingrediensane: Hundrevis av blide og spreke folk, varierande vêr og føre, og ikkje minst: sola vinn til slutt.

Sterke prestasjonar og god deltaking på Sjutoppsturen 2024!
Nok ein gong samla idrettslaget mange spreke og fjellglade menneske på langfredag i påska. Totalt 545 deltakarar var det på Sjutoppsturen 2024. Vi observerte mange blide og fornøgde turgåarar, og blant dei som konkurrerte på tid var det råsterke prestasjonar på alle nivå.

Gapahuk på Omnfjellet
Vi skal bygge gapahuk på Grøntua, nærmare bestemt nedunder toppen av Omnfjellet. Dette er mellom Sandsbakken og antenna på Omnfjellet. Gapahuken vil få fantastisk utsikt over Sandshamna og elles panorama frå Gjøneset og Haugsbygda i aust, via Vanylven, Stadlandet og Kvamsøya i sør, til Helland og Stadhavet i vest. Byggestart vert i løpet av sommaren.
Sjå fleire bilete her