Lang rekkje med mosjonistar på veg siste delen opp til Rinden (topp 3).
Vinterleg jubileumsutgåve
Det vart vinter og vår i fin forening då om lag 440 deltakarar var med på den 20. utgåva av Sjutoppsturen. Snøfall og låge temperaturar dagane før arrangementet gjorde at langfredag 2026 vart ei delvis snødekt affære. For mange er turen ein sterk tradisjon som nesten intet vêr eller føre kan stoppe. I konkurranseklassa vart det to vinnarar som gjentok sine tidlegare bedrifter i tillegg til å setje nye personlege rekordtider.
Det var Hege Ringdal frå Sunnylven IL og Mathias Nesgård frå Fjellhug/Vereide IL som begge tok sin andre siger i Sjutoppsturen. Ringdal forbetra bestetida si med litt over eit minutt og vann dameklassa på 2:05:28, ni år etter sin første siger. Nesgård sette personleg rekord for andre år på rad, og var best av herrane på tida 1:34:40. Dermed gjorde han som i 2024, då han debuterte i løpet med førsteplass.
Resultatlistene finn du her (lenke til EQ Timing)
Men dei fleste tok seg noko betre tid over dei sju toppane. Sjølv om mykje av løypa var dekt av snø, var det ein heilt grei dag for fjellvandring. Der vi har hatt mykje vind og tidvis ein del regn dei siste fire-fem vekene, var det langfredag berre ein liten austleg trekk og ingen nedbør. Først på dagen kika til og med sola fram. To dagar tidlegare hadde det lagt ned ein god del snø, og på kvelden etter arrangementet vart det på igjen med aukande vind. Så nok ein gong spelte vêrgudane på lag med oss.
Dei 447 påmeldte deltakarane fordelte seg slik:
- Sjutoppsturen mosjon: 356
- Sjutoppsturen konkurranse: 62
- Sandsøymarsjen landeveg: 19
Dette var altså den 20. Sjutoppsturen i rekkja. Gjennom alle desse åra har vi totalt hatt over 7000 deltakarar - altså eit snitt på ca. 350 per år. Toppåret er framleis 2019 med utrulege 856 deltakarar. Arrangementet har dei siste åra funne ei stabil og fin utforming. Frivillige som stiller med sin unike kompetanse igjen og igjen, og samarbeidet med Rosenlund Hamn og Fiskarheimen er vi veldig glade for å ha.