Nesten 900 på Sjutoppsturen 2019!

Det var folk i strie straumar over fjella på Sandsøya langfredag. I det fantastiske vêret med sommartemperatur, ein sval bris og solskin, var det omtrent som at køene ingen ende ville ta. Sjutoppsturen 2019 samla rekordmange 864 unike turglade deltakarar!


Det er 206 fleire enn Sjutoppsturen 2018. Og det er ny deltakarrekord for tredje året på rad. Den femtande utgåva, i 2019, samla dobbelt så mange som tiårsjubileet i 2014.

Desse 864 fordeler seg slik:

  • Sjutoppsturen mosjon: 745
  • Sjutoppsturen konkurranse: 55
  • Sandsøymarsjen landeveg: 64

I tillegg var det eit antal tilskodarar og uregistrerte turgåarar på Sandshamna i løpet av dagen. Eit tjuetals funksjonærar gjorde alt dei kunne for at alle skulle få gode opplevingar.



Passasjerbåten Ambu frakta folk i skytteltrafikk omtrent heile dagen.


Ikkje uventa vart det eit stort trykk på persontransporten over fjorden. Nokre gav meir eller mindre tydeleg uttrykk for å vere misnøgde med ventetida som for mange vart rundt to timar kvar veg. Det har vi forståing for. Vi håper likevel at det er forståing for at eit slikt enormt arrangement er krevjande for ein relativt liten organisasjon. Uansett vert det forbetringar - heilt sikkert!

Ny løyperekord!
Uansett vil vi gjerne fokusere på alt det positive langfredag 19. april bar med seg.

Dei fleste brukte fire-fem-seks, ja, kanskje sju timar på turen rundt Sandsøya. Langt kjappare gjekk det for Karoline Holsen Kyte frå Førde. I tillegg til sigeren i dameklassa, sette ho ny løyperekord med den formidabelt sterke tida 1:31:51! Woh!



Karoline Holsen Kyte på veg opp til topp nr. 2, Kulen.

Dermed kunne ho stikke av med over fire og eit halvt tusen kroner i premiepengar for totalsiger, løyperekord og klassesiger. Innehavaren av den gamle løyperekorden, Ingrid Festø frå Volda, tok andreplassen for damene. Ester Beate Innselset frå Hamar vart nummer tre. Alle under to timar. Sterkt!

Resultatlistene finn du her.

Hesthaug slo heimehåpet
Karoline var ikkje meir enn fem små minutt bak vinnaren i herreklassa, som denne gongen vart vunne av Jonas Hesthaug frå Eidsdal. Dermed klarte han å vippe Eirik Voksøy Bringsvor av trona, etter fem strake heimesigrar. Vinnartida vart 1:27:17 - nokre minutt bak løyperekorden til Eirik frå 2018, men likevel ein veldig sterk prestasjon i det varme vêret. Jonas er også berre den andre til å springe under 1:30:00. Tredjeplassen kapra Marcus Megrund frå Valder. Det var 16 herrar under den magiske totimersgrensa.



Eirik måtte bite i seg andreplassen denne gongen, medan Jonas Hesthaug vart første "utlending" til å vinne herreklassa sidan 2013. 


Alle dei som fullførte løpet i konkurranseklassa, sprang Sjutoppsturen på under 3:10:00. Det er ikkje berre-berre!

Heile dagen, og litt til
Dei første mosjonistane tok beina fatt før klokka var passert 8 denne hærlege langfredagsmorgonen. I løpet av dagen hadde altså nesten 900 menneske bevega seg rundt på verdas vakraste øy, Sandsøya, midt mellom Sunnmørsalpane og Stadhavet.

Dei siste fullførte turen og mottok sin medalje då sola var i ferd med å takke for laget denne gongen, då klokka nærma seg 21.

Og dei skulle ikkje rekke verken båt eller ferje. Dei hadde berre god tid...