Storarta opning av Ronja Arena!

  1. september var dagen vi alle hadde venta på og den stod til forventningane, og vel så det!

Den offisielle opninga av vår nye storstove, Ronja Arena, var endeleg på menyen. Folk flokka til frå både nært og fjernt, og vart med på ei historisk hending for både Sandsøya og Voksa, og oss i Sandsøy IL.

Først gjennomførte vi ein seremoni ved inngangspartiet. Leiar Ragnar sa nokre ord, før Bjørn Thore Hansen, som var mannen som på mange måtar sådde frøet til prosjektet for fleire år tilbake, fekk æra av å gå forbi bandet og gjennom døra først.

Opninga av Ronja Arena: bandet ved inngangen

Naturlegvis skulle vi hatt ei saks til å klippe bandet, men det får verte ved neste høve!

Folk samla ved det avsperra bandet framfor inngangen

Innandørs var det litt av kvart på agendaen. Klatreoppvisning frå kyndige klatrarar, følgt etter av at dei som ville, fekk kome opp i høgda.

Klatrevegg og publikum inne i hallen

Inne på parketten i hallen var det duka for talar og gåver. Drage Bygg ved Mads Drage, Sande kommune ved ordførar Dag Vaagen, Kvamsøy IL og Sande FK ved Gunnar Ristesund og Gjerdsvika IL ved Robert Muren kom alle med sine lovord og lykkønskingar til det vidare livet til Ronja Arena.

Ordførar Dag Vaagen held tale

Prestisje- og showoppgjeret på padeldekket mellom Oddbjørn Sande Hansen og Henrik Mork Vorren på eine sida og Ivar Mork Vorren og Elias Grande Strømsnes på andre sida var jamt og gjekk heile vegen, men det viste seg at dei yngste var best og gjekk av med sigeren!

Padelkamp på den nye padelbana

Vi takkar alle saman for fine gåver, både gjennom pengar, blomar og den innramma Sande FK-drakta som prydar veggen i arenaen. Den er eit symbol på samarbeidet vi har inngått med Kvamsøy IL, Gursken IL og Gjerdsvika IL innan all fotball, frå aldersbestemt til senior. Vi vil også takke Larsnes IL for deira lykkønskingar.

Tale i hallen, med blomar og innramma Sande FK-drakt

Vår leiar Ragnar gjekk også på talarstolen og prata om vegen frå idé til realisering av hallen. Men aller først vart det sunge bursdagssong. Roger Halsebakk sjølv fylte nemleg år, noko vi syntest var heilt på sin plass!

Dagen før den offisielle opninga, hadde vi om lag 200 skule- og barnehageelevar frå heile Sande på besøk. Dei fekk leike og herje i hallen i fleire timar, noko vi vart enormt glade for at dei hadde lyst til. Vi har allereie fått signal om at det gav meirsmak og at fleire vil kome att seinare!

Vi må takke Roger Halsebakk og familien som har stått for finansieringa av prosjektet, Drage Bygg for godt samarbeid gjennom heile prosessen og, ikkje minst, alle som har bidrege på dei over 2000 timane med dugnad! Dette prosjektet hadde ikkje vore mogleg utan den enorme dugnadsanda på øyene våre.

Vi tillét oss sjølve å trekkje fram to sentrale personar i dugnadsarbeidet. Bjørn Thore Hansen og Geir Eide har særskild vore i front for heile prosjektet. Dei to fekk gratis padelspeling for resten av livet i gåve. Heilt fortent om ein spør oss!

«Padel for evig» – gåva til Geir Eide

I tida sidan opninga har hallen vore flittig i bruk om lag kvar einaste dag. Det er enormt gledeleg og vi vonar det vil halde fram i lang tid framover. Gratulerer til alle saman med den flotte, nye fleirbrukshallen vår!