Flott jubileumsfeiring!

Laurdag 3. september markerte vi at idrettslaget er 50 år i 2022. Sandsøy IL vil takke alle som tok del i jubileumsfeiringa på Oshaugane stadion!


INVITASJON:

Jubileumsfeiring 3. september

Laurdag 3. september markerer vi at idrettslaget er 50 år i 2022. Sandsøy IL vil invitere alle til jubileumsfeiringa på Oshaugane stadion.

Program:

  • 14:00 Velkomst
  • Start Sandsøyløpet
  • Friidrettsaktivitetar
  • Fotballaktivitetar
  • 15:00 Sal av grillmat, kaffi og kaker
  • 16:00 Attersyn m.m.

Det vert altså løpskonkurranse, friidrettsaktivitetar og fotballspeling, samt grillmat og kaker, attersyn og god tid til god prat om alle idrettsminna hittil. Vi feirer også at det er 40 år sidan idrettsbana stod ferdig. Det vert sett opp stort telt, så set av god tid til god prat om alle idrettsminna hittil!

Dersom du har bilder eller film, eller ei god historie, vil vi gjerne at du sender det til mailadressa post@sandsoyil.no eller tek kontakt med Eirik Voksøy Bringsvor.

Påmelding til landevegsløpet rundt Vågen og Myrane (ca. 8,5 km) er opna på EQ Timing sine sider.