Trimtilbodet


Trimpostane:

Rinden

Dette er høgste punktet på Sandsøya. Med sine 369 meter over havet og om lag 2000 løypemeter frå bilveg er Rinden også den klart mest krevjande toppen å bestige. På toppen har ein full oversikt i alle tenkjelege vinklar og himmelretningar. Mot vest ligg storhavet med Dollsteinen i framgrunnen. Reint vakkert er det ved solnedgang ein sein sommarkveld.

Mellom toppen og den ti meter lågare Signalen, som er ein kilometer med sti lenger ute, finn vi Øynavatnet. Rinden er den tredje toppen på Sjutoppsturen, og er naturleg nok å rekne som den hardaste delen av turen. Merka løyper frå Bringsvoren, Hellandsvågane og Skare.

Trimpoeng: 10            Høgde: 369 moh               Løypelengde: 1,8 km / 2,5 km / 2,7 km

Dollsteinen

Den mykje omtalte Dollsteinhola er vide kjend. Trimposten til idrettslaget ligg nær sjøen nedanfor den majestetiske fjellformasjonen, ikkje langt frå inngangen til sjølve hola. Med plasseringa si lengst vest på Sandsøya, har Dollsteinen i uminnelege tider vore eit landemerke for alle som kjem sjøvegen.

Trimpoeng: 7            Høgde: 5 moh               Løypelengde: 1,1 km / 2,2 km

Grøntua

Grøntua er toppen som ligg nærast sentrum på Sandsøya, Sandshamn. Turen derfrå er i overkant av 3 km lang tur/retur. Løypa er relativt bratt, men første fjerdedel er på asfaltveg opp til toppen av Sandsbakken. Med si sydvende oppstigning er turen til Grøntua i steikande sol både herleg og heit på same tid. Uvêrsdagar er det oftast relativt moderat vind, med unntak av heilt på toppen.

På nordsida går det stupbratt ned i fjøra. Fjellsida er mykje dekt av stein og sand, og å ta seg ned her er ikkje å tilråde. Grøntua er sjuande og siste topp på den populære Sjutoppsturen som vert arrangert kvar langfredag.

Trimpoeng: 5            Høgde: 250 moh               Løypelengde: 1,6 km

Kletten 

Frå Kletten har du alle toppane på Sandsøya og Voksa på eitt brett. Frå venstre mot høgre ser du Voksehaugen, Kulen, Rinden, Hellandsfjellet og Grøntua. Lengst til høgre har du Sandshamna. Med sine 129 høgdemeter er dette ein fin tur som går via Flødevika. Dersom ein har bil, bør ein parkere ved skulen/barnehagen på Bringsvoren, eller ved idrettsbana.

Trimpoeng: 4            Høgde: 130 moh               Løypelengde: 1,6 km

Sandslegene

Sandslegene ligg vakkert til i solsida på eit platå ovanfor Sande, på sydsida av Sandsøya. Frå Skare går det ein fjellveg opp til gapahuken Legebu. Trimposten er plassert ved gapahuken, om lag 1,6 km frå parkeringsplassen på Skare. Ein skulle tru at sydvesten stod på her omtrent heile tida, men faktum er at det ofte er lite vind her i slikt vêr.

På Sandslegene er det sol mange timar kvar dag heile året, sjølvsagt gitt at det er klarvêr. Panoramautsikta er fantastisk – 180 graders synsvinkel frå Sunnmørsalpane i aust, via Vanylvsgapet og Nordfjord i syd, og til Stadhavet i vest. Nordover går det bratt rett opp til Rinden. Det er også merka sti frå Bringsvoren, i tillegg til fjellvegen frå Skare.

Trimpoeng: 4            Høgde: 115 moh                Løypelengde: 1,5 / 1,6 / 1,7 km

Kulen

Som den tredje toppen på Sjutoppsturen, har Kulen vore flittig besøkt opp gjennom åra, då spesielt langfredag kvar påske, sjølv om det lenge ikkje var trimpost her. Kulen utgjer saman med Kletten dei to små fjelltoppane mellom Voren og Fløda lengst aust på Sandsøya. Ut frå namnet forstår vi at toppen ikkje er den høgaste i verda, men til gjengjeld er Kulen både lett tilgjengeleg og meir enn mogleg å bestige for folk i dei fleste aldrar. Frå parkeringsplassen ved ballbingen på Bringsvoren er det 1,4 km å gå, og den første kilometeren er på flat veg.

Trimpoeng: 3            Høgde: 112 moh               Løypelengde: 1,4 km

Hellandsfjellet

Hellandsfjellet er bindeleddet mellom Rinden og Grøntua, og ligg idyllisk til ved enden av Sandsvågen, sett frå aust. Den relativt låge fjelltoppen, og dei omliggande høgdene, vernar grendene Våge og Helland mot det rufsete vêret som ofte kjem inn frå havet. Det kan ofte vere ganske vindfullt på Hellandsfjellet, som dessutan er den femte toppen på Sjutoppsturen. 

Det er merka tilkomst både frå Våge og frå Hellandsvågane. Lettast er turen frå austsida, frå Våge, lengde ca. 1,1 km. Frå parkeringsplassen i Hellandsvågane er det 1,2 km. Første del er lett terreng ned til fjørekanten, før det ber jamt og trutt oppover fjellryggen frå vest mot aust.

Trimpoeng: 3            Høgde: 122 moh               Løypelengde: 1,1 / 1,2 km

Trollhola

Trimposten Trollhola som ligg på vestpynten av Voksa, øya som knyt Sandsøya til resten av verda, er ein stad som mange kanskje ikkje har besøkt – heller ikkje fastbuande. Kva namnet kjem av, er oss ikkje kjent, men i alle fall er det noko som kan minne om ei hole nedanfor haugen ytterst på tangen mot vest. Frå midt mellom Kvamsøya og Sandsøya har ein utsyn rett ut til storhavet med øya Riste som siste vern. 

Den merka løypa går langs fjøra på nordsida av Voksa. Frå der hovudvegen frå ferjekaia går av land mot Sandsøya, fylgjer ein grusvegen rett vest. Deretter langs fjøresteinane i ganske ulendt terreng. Siste del går svakt innover på tvers av tangen som trimposten ligg på enden av.

Trimpoeng: 3            Høgde: 7 moh               Løypelengde: 2,2 km

Kleiveneset

Kleiveneset ligg “gøymd“ på “baksida“ av fjellet Grøntua heilt nord på Sandsøya. Frå fjelltoppen går det stupbratt ned i fjøra. Skråninga er mest dekt av stein og sand, og det er ikkje tilrådeleg å prøve seg ned her. Mange brukar namnet Hornhammaren om staden, men trimposten ligg på neset som spissar seg ut frå fjellet bak. På turen ut til Kleiveneset passerer ein derimot Hornhammaren. Dette er eit punkt der ein bør vere forsiktig, fordi nokre steinar med tida har kome ned frå hammaren.

Løypa går frå Sandshamna og utover på austsida av fjellet. Størstedelen av turen går på grusveg av varierande kvalitet. Siste to-tre hundre meterane er det vanleg sti på torv og myr.

Trimpoeng: 3            Høgde: 5 moh               Løypelengde: 1,4 km

Hellandsvågane

Den kanskje mest vêrharde staden langs fjørene rundt Sandsøya er Hellandsvågane. Ytst ute på enden av fylkesvegen nord på øya, forbi Våge og over Helland finn vi denne boka. Posten ligg på det som heiter Hamnaholmen, eit lite nes som er med og formar vågane. Sommarstida kan ein beundre den vidunderlege solnedgongen. Ein stormfull vintersdag er det vinden og bølgjene som kan ta tak i litt av kvart.

Frå snuplassen ved enden av grusvegen frå Helland går ein hundre meter tilbake og tek så til venstre. Vidare går det gjennom to grinder før ein kjem ned til fjøra. Siste delen av løypa kan vere noko våt til tider, men alt i alt er dette ein tørr tur.

Trimpoeng: 3            Høgde: 5 moh               Løypelengde: 0,9 km

Voksehaugen

Den høgaste av dei to toppane som utgjer “luftskytset“ til den elles flate øya Voksa er ikkje særleg høg. Med sine 57 meter over havet kan ein lure på om det kan kallast eit fjell. Kanskje difor Voksehaugen er namnet. Toppen er på grunn av si vesle høgd dekt med stadig aukande trevekst. Klarer ein likevel å kike ut mellom greinene, er det litt av kvart å sjå.

Rett nedanfor går ferja forbi med ujamne mellomrom, og elles ligg alle dei kringliggande stadane på rekkje og rad – merkeleg nok. Frå vest til aust og til vest igjen har vi Riste, Sandsøya, Gurskøya, Åramland/Vanylven, Stadlandet og Kvamsøya. Kjensla av at ein står midt i verda kan streife.

Trimpoeng: 2            Høgde: 57 moh               Løypelengde: 0,9 km