Vedtekter

Lov for Sandsøy Idrettslag, stifta 03.09.72.

§ 1 Føremål: Idrettslaget sitt føremål er å drive idrett organisert i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF).

Arbeidet skal pregast av frivilligheit, demokrati, lojalitet og likeverd. All idrettsleg aktivitet skal bygge på grunnverdiar som idrettsglede, fellesskap, helse og ærlegdom.

§ 2 Organisasjon: Idrettslaget er medlem av NIF gjennom Møre og Romsdal idrettskrets. Idrettslaget er medlem av dei særforbunda som laget sitt årsmøte bestemmer. Idrettslaget høyrer heime i Sande kommune, og er medlem av Sande idrettsråd.

Idrettslaget er sjølveigande og frittståande med utelukkande personlege medlemmer. Reglene i NIF sin lov kapittel 1, 2, 10 11, 12, 13 og 14 gjelder idrettslaget uavhengig av kva som måtte stå i idrettslagets egen lov.

§ 3 Medlemmer: Alle som aksepterer idrettslaget og overordna idrettsmyndigheter sine lover og vedtekter kan bli tatt opp som medlem.

Forøvrig pliktar einkvar medlem å overhalde NIF sine, NIF sine organisasjonsledd sine, samt idrettslaget sine lover og vedtekter.

En søkjar kan ikkje takast opp som medlem utan at økonomiske forpliktingar til andre organisasjonsledd i NIF er gjort opp.

Medlemskap i laget er først gyldig og regnast frå den dagen første kontingent er betalt.

Alle idrettslag pliktar å føre elektroniske medlemslister i idretten sine nasjonale medlemsregister i tråd med retningslinjer gitt av Idrettsstyret.

§ 4 Medlemskontingent og avgifter: Medlemskontingenten fastsetjast av årsmøtet og betalast forskotsvis.

Andre avgifter/eigenandelar kan krevjast for deltaking i laget sitt aktivitetstilbod.

§ 5 Stemmerett og valbarleik: For å ha stemmerett må ein vere fylt 15 år, og hatt gyldig medlemskap i minst 1 månad og ha oppfylt medlemsforpliktingane, jf. NIFs lov § 2-5. Ingen kan møte eller gje stemme ved fullmakt, jf. NIFs lov § 2-9.

Alle medlemmer som har stemmerett er valbare til tillitsverv i laget, og som representant til ting eller møte i overordna organisasjonsledd. Tillitsvald kan likevel ikkje samtidig vere arbeidstakar i laget. Spiller/utøver med kontrakt og medlemskap i laget kan derimot veljast som representant til ting eller møte i overordna organisasjonsledd.

Medlemmer som skylder kontingent har ikkje stemmerett, er ikkje valbar og kan ikkje vere representant til ting eller møte i overordna organisasjonsledd. Medlem som skylder kontingent for meir enn eit år, kan av styret strykast som medlem i idrettslaget. Dersom medlemmen, ved forfall skylder 2 års kontingent, skal medlemskapen bringast til opphør ved stryking frå idrettslagets side. Strykast ein medlem, kan det ikkje takast opp igjen før skyldig kontingent er betalt.

§ 6 Tillitsvalde si godtgjering: For refusjon av utgifter og godtgjering til idrettslaget sine tillitsvalde gjeld: Tillitsvald kan ta imot refusjon for nødvendige, faktiske utgifter, inkludert tapt arbeidsforteneste, som påførast vedkomande i utføringa av vervet. Tillitsvald kan ta imot ei rimeleg godtgjering for sitt arbeid. Utgifter til tapt arbeidsforteneste og til godtgjering skal gå fram av budsjett og regnskap.

§ 7 Kjønnsfordeling: Ved val/oppnemning av representantar til årsmøte/ting, samt medlemmer til styre, råd og utval mv. i NIF og NIF sitt organisasjonsledd skal det veljast kandidatar/representantar frå begge kjønn.

Samansetjinga skal vere forholdsmessig i forhold til kjønnsfordelinga i medlemsmassen, dog slik at det skal vere minst to representantar frå kvart kjønn i styre, råd og utval mv. med meir enn 3 medlemmar. I styre, råd og utval mv. som består av 2 eller 3 medlemmer skal begge kjønn være representert. Varamedlemmer tel ikkje med ved berekninga av kjønnsfordelinga.

Idrettsstyret kan når det føreligg særlige forhold gjere unntak frå denne vedtekta.

§ 8 Inhabilitet: Tillitsvalde, oppnemnte representantar og tilsette er inhabile til å legge til rette grunnlaget for ei avgjerdsle eller til å treffe avgjerdsle:

a) når vedkommande sjølv er part i saken

b) når vedkommande er i slekt eller svogerskap med ein part i oppstigande eller nedstigande linje eller i sidelinje så nær som søsken

c) når vedkommande er gift med eller er forlova eller sambuar med ein part

d) når vedkommande er leiar for eller har leiande stilling i eller er medlem av styret i eit selskap som er part i saken

På same måte er tillitsvalde, oppnemnde representantar og tilsette inhabile når andre særeigne forhold ligg føre som er eigna til å svekke tilliten til vedkommande si upartiskheit, blant anna skal det leggast vekt på om avgjerdsla i saken kan innebere særleg fordel, tap eller ulempe for vedkommande sjølv eller nokon som vedkommande har nær personleg tilknyting til. Det skal også leggast vekt på om inhabilitetsmotsegn er røyst av nokon part.

Inhabilitetsspørsmålet avgjerast av det aktuelle organ.

Inhabilitetsreglene får ikkje funksjon dersom det er openbert at den tillitsvalde eller tilsette si tilknyting til saken eller partane ikkje vil kunne påverke vedkommande sitt standpunkt og at idrettslege interesser ikkje tilseier at vedkommande bør vike sete.

Er ein overordna inhabil, kan avgjersle i saken heller ikkje treffast av direkte underordna i same organisasjonsledd.

Med part meinast i denne vedtekta tillitsvalde, oppnemnte representantar og tilsette som ei avgjersle rettar seg mot eller som saken elles direkte gjeld.

§ 9 Straffesaker: For alle straffesaker gjeld NIF sin lov kapittel 11 og 12 (NIF sine straffevedtekter).

§ 10 Årsmøtet: Idrettslagets øvste organ er årsmøtet som haldast kvart år i februar månad. Årsmøtet innkallast av styret med minst en månad varsel, direkte til medlemmene og/eller ved kunngjøring i pressen, eventuelt på idrettslagets internettside. Forslag som skal behandlast på årsmøtet må være sendt til styret seinast 2 veker før årsmøtet. Fullstendig sakliste og andre nødvendige saksdokumenter med forslag må være tilgjengelig for medlemmene seinast ei veke før årsmøtet.

Alle idrettslaget sine medlemmer har tilgang til årsmøtet. Årsmøtet kan invitere andre personer og/eller media til å være til stades, eventuelt vedta at årsmøtet berre er ope for medlemmer.

Lovlig innkalla årsmøte er vedtaksført dersom det møter eit tal medlemmer som minst tilsvarar tal på styremedlemmer. Dersom årsmøtet ikkje er vedtaksført kan det innkallast til årsmøte på nytt utan krav om minimumsdeltaking.

På årsmøtet kan det ikkje behandlast forslag om lovendring som ikkje er oppført på utsendt/kunngjort sakliste. Andre saker kan behandlast når 2/3 av dei stemmeføre på årsmøtet vedtek det, ved godkjenning av saklista.

§ 11 Leiing av årsmøtet: Årsmøtet leiast av valt(e) dirigent(ar). Dirigenten(-ane) behøver ikkje å være medlem av idrettslaget.

§ 12 Årsmøtets oppgåver: Årsmøtet skal:

  1. Godkjenne dei stemmeføre.
  2. Godkjenne innkallinga, sakliste og forretningsorden.
  3. Velje dirigent(ar), sekretær(ar) samt 2 representantar til å underskrive protokollen.
  4. Behandle idrettslaget si årsmelding, under her eventuelle gruppeårsmeldingar.
  5. Behandle idrettslaget sitt rekneskap i revidert stand.
  6. Behandle innkomne forslag og saker.
  7. Fastsetje medlemskontingent.
  8. Vedta idrettslaget sitt budsjett
  9. Behandle idrettslaget sin organisasjonsplan.
  10. Foreta fylgjande val: a) Leiar og nestleiar, b) 3 styremedlemmer og 2 varamedlemmer, c) øvrige val i høve til årsmøtevedteken organisasjonsplan, jf. § 12 pkt. 9., d) 2 revisorar, e) representantar til ting og møter i dei organisasjonane idrettslaget er tilslutta, f) valkomité med leiar og 2 medlemmer og 1 varamedlem for neste årsmøte.

Leder og nestleiar veljast enkeltvis. Dei øvrige medlemmane til styret veljast samla. Deretter veljast varamedlemmene samla, og ved skriftleg val avgjerast rekkefylja i forhold til stemmetal.

Vala skjer etter vedtektene i NIF sin lov § 2-11.

Arbeidstakar innan eit organisasjonsledd er ikkje valbar til verv i eige eller overordna organisasjonsledd. Ein arbeidstakar i eit allianseidrettslag eller lag organisert av allianseidrettslaget er ikkje valbar til verv i allianseidrettslag eller i lag organisert av same allianseidrettslag. Tillitsvald som får relevant tilsetjing i perioden pliktar å fråtre tillitsvervet. Idrettsstyret kan gi dispensasjon.

Person som sjølv har samarbeidsavtale med organisasjonsledd, eller er styremedlem, tilsett i leiande stilling eller er aksjonær med vesentleg påverknad i ein juridisk person som organisasjonsleddet samarbeider med, er ikkje valbar til verv innan organisasjonsleddet. Avgrensinga gjeld dog ikkje for styremedlem oppnemnt av organisasjonsledd. Tillitsvalt som får ein slik samarbeidsavtale, styreverv, tilsetjing eller eigardel i juridisk person, pliktar å fråtre tillitsvervet. Idrettsstyret kan gi dispensasjon.

§ 13 Stemmegjeving på årsmøtet: Med mindre anna er lovfesta skal et vedtak for å være gyldig være treffe med alminneleg fleirtal av dei gitte stemmene.

Val føregår skriftleg viss det føreligg meir enn eitt forslag eller det fremjast krav om det.

Viss det skal være skriftlege val, kan berre føreslegne kandidatar førast opp på stemmesetelen. Stemmesetlar som er blanke, eller som inneheld ikkje føreslegne kandidatar, eller ikkje inneheld det talet det skal stemmast over, tel ikkje, og stemmene vert sett som ikkje gitt.

Når eit val føregår enkeltvis og ein kandidat ikkje oppnår meir enn halvparten av dei gitte stemmene, gjerast det omval mellom dei to kandidatane som har oppnådd flest stemmer. Er det ved omval stemmelikskap, avgjerast valet ved loddtrekning.

For å vere gyldig må val vere gjennomført i høve til NIF sin lov §§ 2-4 og 2-5.

Når det ved val skal veljast fleire ved ein avstemming, må alle, for å bli rekna som valte, ha meir enn halvparten av de gitte stemmene. Dette gjeld ikkje ved val av varamedlemmer. Viss ikkje tilstrekkeleg mange kandidatar har oppnådd dette i første omgang, vert dei sett på som valte som har fått meir enn halvparten av stemmene. Det gjerast så bunde omval mellom dei øvrige kandidatane, og etter denne avstemminga vert dei sett på som valte som har fått flest stemmer. Er det ved omval stemmelikskap, avgjørast valet ved loddtrekning.

§ 14 Ekstraordinært årsmøte i idrettslaget: Ekstraordinært årsmøte i idrettslaget innkallast av idrettslagets styre med minst 14 dagar varsel etter:

a) Vedtak på årsmøte i idrettslaget.

b) Vedtak i styret i idrettslaget.

c) Skriftleg krav frå 1/3 av idrettslagets medlemmer.

d) Krav etter vedtak i overordna organisasjonsledd: NIF eller idrettskrets.

Ekstraordinært årsmøte i idrettslaget skal berre behandle dei sakene som er gitt i vedtaket eller i kravet om innkalling av årsmøtet. Sakliste og nødvendige saksdokumenter skal fylje innkallinga.

§ 15 Idrettslaget sitt styre: Idrettslaget leiast og forpliktast av styret, som er idrettslaget sitt høgste mynde mellom årsmøta. Styret skal:

  1. Setje i verk årsmøtet og overordna idrettsmyndigheter sine vedtak og vedtekter.
  2. Sjå til at idrettslaget sine midlar brukast og forvaltast på ein forsiktig måte i samsvar med dei vedtaka som er fatta på årsmøte/ting eller av overordna organisasjonsledd. Styret skal vidare sjå til at idrettslaget har ei tilfredsstillande organisering av rekneskaps- og budsjettfunksjonen, og har ei forsvarleg økonomistyring.
  3. Oppnemne komitear/utval/personer for spesielle oppgåver etter behov og utarbeide mandat/instruks for desse.
  4. Representere idrettslaget utad. Styret skal halde møte når leiaren bestemmer det eller eit fleirtal av styremedlemmene forlangar det.

Styret er vedtaksført når eit fleirtall av styrets medlemmer er til stades. Vedtak fattast med fleirtal av dei gitte stemmene. Ved stemmelikskap er møteleiaren si stemme avgjerande.

§ 16 Grupper/avdelingar/komitear: Idrettslaget skal ha valkomité som veljast på fritt grunnlag på årsmøtet i idrettslaget, etter innstilling frå styret, og har som oppdrag å legge fram innstilling på kandidatar til alle øvrige tillitsverv som skal veljast på årsmøtet.

Laget kan organiserast med grupper og/eller avdelingar. Laget sitt årsmøte bestemmer oppretting av grupper/avdelingar, og korleis desse skal organiserast og leiast. Dette vert vedteke i samband med årleg behandling av idrettslaget sin organisasjonsplan, jf. § 12 pkt. 9.

Grupper/avdelingar sine økonomiske forpliktingar heftar heile laget, og grupper/avdelingar kan ikkje inngå avtaler eller representere idrettslaget utad utan styrets godkjenning.

§ 17 Lovendring: Lovendring kan berre gjerast på ordinært eller ekstraordinært årsmøte i idrettslaget etter å ha vore oppført på saklista, og krev 2/3 fleirtal av dei gitte stemmene.

Lovendring må godkjennast av Idrettsstyret, og trer ikkje i kraft før dei er godkjende.

Idrettsstyret kan i samband med godkjenning av underliggande organisasjonsledd sine lover, redigere desse slik at dei ikkje kjem i motstrid med vedtektene i NIF sin lov.

Paragraf 18 kan ikkje endrast.

Lovendringar gjort av Idrettstinget, som har konsekvensar for idrettslaget, trer i kraft umiddelbart.

§ 18 Oppløysing: Oppløysing av idrettslaget kan berre behandlast på ordinært årsmøte. Blir oppløysing vedteke med minst 2/3 fleirtal, innkallast ekstraordinært årsmøte 3 månadar seinare. For at oppløysing skal skje må vedtaket her gjentakast med 2/3 fleirtal.

Samanslutning med andre lag vert ikkje sett på som oppløysing av laget.

Vedtak om samanslutning og nødvendige lovendringar i tilknyting til dette treffast i samsvar med vedtektene om lovendring, jf. § 17.

I tilfelle oppløysing eller anna opphøyr av laget fell lagets eigedelar NIF eller føremål godkjent av Idrettsstyret.

Ved konkurs vert organisasjonsleddet sett på som oppløyst og misser følgjeleg sitt medlemskap i NIF. Ved konkurs gjeld reglane i konkurslova og dekkingslova.

Velkomen til oss!