Treningsstudio

Sandsøy Idrettslag har frå 8. oktober 2016 kunne tilby treningsstudio til både medlemmer og andre. Fasilitetane inkluderer toalett og garderobe/dusj, og er plassert på klubbhuset ved idrettsbana i Oshaugane.

 

 


Registrere deg via Internett?
Fyll ut registreringsskjemaet og send til post@sandsoyil.no, eller levér for hand til Eirik Voksøy Bringsvor!

NB! Bortebuande studentar og folk i liknande arbeidssituasjon får halv pris på heil- eller halvårsabonnement.

For korttidsabonnement (inntil to veker), ta kontakt med Eirik på tlf. 994 22 824! Då får du ei firesifra kode som skal brukast på ytterdøra.

Kontonummer: 3906.30.25163.


SLIK SER TRENINGSSTUDIOET UT:

 


Prisar for tilgang:
– Årsabonnement kr. 1200,-/1500,- (medlem/ikkje-medlem)
– Halvårsabonnement kr. 600,-/800,-
(for fastbuande)

– Uavgrensa tilgang for eit år kr. 600,-/800,- (medlem/ikkje-medlem)
– Uavgrensa tilgang for eit halvt år kr. 300,-/500,-
– Tre månader kr. 600,-/750,-
– To månader kr. 400,-/500,-
– Ein månad kr. 200,-/250,-
– To veker kr. 100,-/150,-
– Ei veke kr. 50,-/100,-
(for feriefolk, bortebuar-studentar og eventuelt andre)

Halv- og heilårsbonnement gjeld for komande eller inneverande periode, ikkje frå dato bestilt.
Det vil seie at dersom ein bestiller halvårsabonnement i februar, vil det gjelde til og med juni (eller juli til desember, viss det er det som er ønsket). Heilårsperiodene startar i januar og i juli.


Dei som har tilgang, vil få ein nøkkelbrikke som skal brukast ved ytterdøra. Ein har då tilgang til garderobe, toalett og treningsstudio. Nærmare info om bruken av døra og treningsstudioet vil bli hengt opp, publisert her, og sendt til dei som registrerer seg med epostadresse.

 



Vi har desse apparata:
– Tredemølle (2 stk).
– Ergometersykkel.
– Spinningsykkel (2 stk).
– Ellipsemaskin/crosstrainer.
– Romaskin.
– Benkpress/knebøy.
– Beinpress.
– Slynger.
– Turnringar.
– Ribbevegg (2 stk.).
– Treningsmatter (5 stk.).
– Gymball 65 cm.
– Medisinball 4 og 6 kg.
– Balansepute.
– Stepkasse (2 stk.).
– Sitjebenk 2 meter.
– TV-skjerm 55″ m/Chromecast.

 

Velkomen til oss!