Reise til Sandsøya


Lurer du på korleis reise til Sjutoppsturen? Her finn du informasjon om alternativa.


På vegen frå ferjekaia på Voksa, til Sandsøya.

Ferje - personbil - bobil - sykkel

Ferja går frå Larsnes kl. 07.40, 09.40 og 11.40 - frå Åram 15 min. seinare. Ankomst Voksa (veg til Sandsøya) kl. 08.10, 10.10 og 12.10. Mest aktuelle returavgangar frå Voksa (til Åram og Larsnes) går kl. 15.15, 17.00 og 18.50. Frå Kvamsøya går ferja kl. 08.30 og 10.30. Ankomst Voksa kl. 08.45 og 10.45. Retur frå Voksa kl. 16.30 og 18.20.

NB! Det er søndagsruter på langfredag. Avstanden frå ferjekaia til startområdet er ca. 6 km.

Vi oppmodar folk til å ta med sykkel på ferja, og sykle frå ferjekaia på Voksa til start- og målområdet på Sandsøya.

Det er busstransport mellom ferjekaia og start-/målområdet i korrespondanse med ferje frå Larsnes og Åram. Merk at det er begrensa kapasitet, slik at det må medreknast ein del ventetid. Betaling kr 50,- per passasjer gjerast i sekretariatet.

Gjeldande rutetabell for ferja Larsnes - Åram - Voksa - Kvamsøya

Fritidsbåt

Rosenlund Hamn har gjestebrygger.

rosenlundhamn.no