Overnatting

Rosenlund Hamn

Hotell, restaurant/pub og marina. "Hos Rosenlund Hamn kan du blant anna spise eit godt måltid, ligge til kai med båten din, overnatte i eit av våre unike hotellrom eller ha ditt neste arrangement. Eit tradisjonsrikt hotell med mykje historie i veggane".

Start- og målområdet for Sjutoppsturen er ved Rosenlund Hamn.

Nettside: rosenlundhamn.no


Skare Havstuer

Hytter med idyllisk plassering sydvest på Sandsøya, i nærleiken av den segnomsuste Dollsteinhola. Frå fergekaia er det om lag 6 km til Skare - følg skilting når du kjem over på vegen frå Voksa til Sandsøya. Frå Skare til start- og målområdet for Sjutoppsturen, på Sandshamna, er det cirka 4 km.

Nettside: skarehavstuer.no


Voksa Gjestehus

Det gamle posthuset på Voksa, like ved ferjekaia - ca. 6 km frå start- og målområdet.

Nettside: facebook.com/voksagjestehus


Bubilhamna

Parkeringsplass for bobilar - nokre høver også for campingvogn. Tømmestasjon, søppelhandtering og vatn. Start- og målområdet for Sjutoppsturen er cirka 500 meter frå Bubilhamna.

Nettside: bubilhamna.no


Hengekøyecampen 'Vind i luggen'

Overnatting i hengekøyer under open himmel eller med skjermduk, i fiskehjellane på Sandshamna. Dette eit steinkast frå start- og målområdet. Frå ferjekaia som er på naboøya Voksa - det er veg mellom øyene - er det 6 km til hengekøyecampen. Her er også tilgang til dusj, toalett og vaskemaskin.

Nettside: facebook.com/vindiluggen/