Historia om Sjutoppsturen



 

Sjutoppsturen på Sandsøya såg dagens lys i påska 2005. Året før vart det gjennomført ein prøvetur, utan det store oppmøtet. Men med 130 deltakarar fordelt på fjellturen og landevegsmarsjen langfredag 25. mars 2005 var det klart at dette måtte gjentakast.

Mange år seinare er utviklinga ikkje til å fatte eigentleg, for ei øy med eit par hundre innbyggjarar - eit tal som har gått ned gjennom desse åra. Konkurranseklassa vart innført i 2007. Sidan det har det vore eit tredelt tilbod kvar langfredag på Sandsøya.

Deltakinga fordeler seg slik:  På dei ti første utgåvene, fram til og med 2014, hadde vi totalt 1720 deltakarar - tiårsjubileet med den gong rekordmange 440. Dei tre siste åra har deltakartala vore 556 (2017), 658 (2018) og 867 (2019). Det er eit godt bilete på den enorme statusen arrangementet har fått. 

Sjå også sida om "Tidlegare år" for statistikk og informasjon om alle utgåvene av Sjutoppsturen frå 2005 til dags dato.