Sjutoppsturen

Sjutoppsturen Sandsøya Rundt går over sju fjelltoppar på Sandsøya på Sunnmøre. Start og mål ved Rosenlund Marina på Sandshamn. Turen har vorte arrangert kvar langfredag sidan påska 2005.


ÅRETS ARRANGEMENT

Sjutoppsturen 2017 

Dato: Langfredag 14. april
Deltakartal totalt: 556
Deltakartal Sjutoppsturen mosjon: 459
Deltakartal Sjutoppsturen konkurranse: 35 (30 herrar, 5 damer)
Deltakartal Sandsøymarsjen landeveg: 62

Resultatliste konkurranseklasse totalt 2017.
Deltakarliste, Sjutoppsturen mosjon 2017.
Deltakarliste, Sandsøymarsjen 2017.

Bilete i fotoalbumet.
Kondis sin reportasje.

Våre artiklar:
Dagen med stor «D»
Fantastisk!
Velkomen til Sandsøya!
Info til konkurranseløparar
Lovande vêrutsikter
God støtte frå lokale bedrifter!


START- OG MÅLOMRÅDE
Rosenlund på Sandshamn, ca. 6 km frå ferjekaia på Voksa.
Busstransport frå og til ferja (meir om dette under «praktisk info»).
Parkering ved butikken og på fiskerihamna.

PÅMELDING, STARTTIDER OG REGISTRERING
Sal av startnummer skjer i sekretariatet frå kl. 18 til 19 skjærtorsdag og på langfredag frå kl 9.
Førehandspåmelding er mogleg, meir om det på sida for påmelding.
Fellesstart for konkurransedeltakarar kl. 13.00.

NB! Ved påmelding godtek ein at namn, bilete og video kan publiserast i startlister, resultatlister, fotoalbum, reportasjer,
profileringsfilmar og liknande. Viss nokon treng fritak frå dette, må vi få beskjed.
Vi har sjølvsagt tausheitsplikt i slike saker.


PRISAR
Startkontingent 120,- (100,-) for vaksne og 50,- for barn (15 år i år eller yngre).
Deltaking i konkurranseklassa er 200,- (170,-).

Kontingenten for vaksne mosjonistar og konkurransedeltakarar inkluderer eingongslisens (forsikring). Dei som har heilårslisens frå før, skal betale det som står i parentes.

PS. Vi har betalingsterminal for bankkort!


KONKURRANSEKLASSER
Damer og herrer: 13-17, 18-24, 25-39, 40-49, 50-59, 60+
(til saman 12 klasser)


På dei ti første utgåvene, fram til og med 2014, hadde vi totalt 1266 deltakarar – tiårsjubileet med rekordmange 372 på toppeturen.

Dei to siste åra var deltakartala 269 (i 2015) og 347 (2016). Det er eit godt bilete på den enorme statusen arrangementet har fått.

I tillegg kjem den såkalla turmarsjen, ein låglandstur.

Fjella, eller toppane, ligg jamt fordelt utover Sandsøya, og omkransar Sandsvågen som skjer seg inn midt i øya.

Panoramabilete frå toppane, av Leif Roar Strand i 2016.

Turskildring frå 2010, av Arnt Flatmo.

 


 

Rekkjefølge, namn og høgd over havet er som følger:
1. Kletten, 130 moh
2. Kulen, 112 moh
3. Rinden, 369 moh
4. Signalen, 359 moh
5. Hellandsfjellet, 122 moh
6. Hornet, 215 moh
7. Grøntua, 250 moh

Drikke- og fruktstasjon i Hellandsvågane mellom (topp 4 og 5), samt drikkestasjon ved Dollstun (etter topp 2) og ved vegen
der løypa går opp mot Hornet (6). På den siste stasjonen er der noko søtt å hive i seg for konkurranseløparane.

Sjutoppsturen er 15 km lang, og går i variert terreng, med om lag ±1000 høgdemeter. Middels krevjande totalt sett, normalt spreke
folk bruker vanlegvis 4-6 timar på turen. Siste delen ned frå Signalen til Hellandsvågane er eit kort stykke svært bratt. Her er det
montert solide tau til å halde seg i.

Meir informasjon på sida om løypa.


LØYPEREKORDAR
Herrar: 01:29:41 Eirik Voksøy Bringsvor, Sandsøy IL (2016)
Damer: 01:51:29 Jenny Gåsø Schefte, Elnesvågen (2016)


PREMIERING
Sjutoppsmedalje til alle som fullfører. Deltakarar som er 15 år eller yngre i år får godkjent 4 toppar.
Dei beste i kvar klasse får kvar si Sandsøy IL klubbhue
i premie.

Pengepremier til dei tre beste tidene:

  • Beste tid dame og herre 1000,-
  • 2. beste tid dame og herre 500,-
  • 3. beste tid dame og herre 250,-

Premie til dei som har fullført Sjutoppsturen ti gongar.
Premieutdeling ved Rosenlund frå kl. 15.30.


PRAKTISK INFORMASJON
Ferja går frå Larsnes kl. 09.45 og 11.45, 15 min. seinare frå Åram.
Frå Kvamsøy går ferja kl. 08.30 og 10.35.
Ca. 6 km frå ferjekaia til startområdet.

Buss er sett opp mellom Voksa og Sandshamn i korrespondanse med ferje. Dei som køyrer eigen bil, skal parkere ved butikken eller fiskerihamna – følg skilting. Dette er berre eit par hundre meter frå startområdet. Dusjmuligheiter i målområdet og større garderober på klubbhuset ved idrettsbana.


SANDSØYMARSJEN (landeveg)
Alternativet for dei som vil ha ein rolegare tur, nesten utan høgdemeter i det heile.
Marsjen går rundt Vågen, og tilbake til Rosenlund. Turen er ca. 5,5 km.
Registrering og start mellom kl. 11.00 og 12.30.
Startkontingent 50,- for vaksne og 25,- for barn.
Pins til alle som fullfører.


Open kafé på Rosenlund frå kl. 11.30
Sal av t-skjorter og klubbhuer.

Kontaktperson 364: Anders Bringsvor (971 13 351)
Kontaktperson langfredag: Anne Bjørg Bringsvor (971 58 911)
Transportansvarleg: Knut Olav Skare (992 33 682)

Vel møtt!

Velkomen til oss!