63 besøk i april

I april månad vart det registrert 63 besøk på treningsstudioet vårt. Det reelle talet er garantert noko høgare, sidan vi berre får registrert den brikken som vert brukt for å opne døra. Altså kan fleire ha gått inn i lag. Uansett er det ein nedgong frå alle tidlegare månader sidan opninga i oktober. Men det skuldast nok at det går mot sommar, og at folk difor trimmar meir utandørs!

Les meir om 63 besøk i april

Langevåg for gode, 11-0!

Jentelaget J14 spelte i dag 1. mai den andre kampen for sesongen. Det endte med tap 11-0 på bortebane mot Langevåg Gul. Stillinga ved pause var 7-0. Sandsøy/Kvamsøy tapte denne gongen mot eit betre lag.

Søndag 7. mai er det duka for årets første kamp på Sandsøya, når J14-laget tek i mot Mauseidvåg/Solevåg på Oshaugane Stadion.

 

Velkomen til oss!