Fotballturnering for G10 i juni

Sunnmøre Fotballkrets har offentleggjort avdelings- og arrangøroppsettet for miniklassene i sesongen 2017.

Vi har fått tildelt turnering i veke 23, som vil seie veka 5.-11. juni. Mest truleg vert det ein laurdag eller søndag.

Første turnering er i løpet av veka som startar den 8. mai.

Arrangørklubbar, G10.05 avdeling 4:
Hareid, veke 19.
Sandsøy, veke 23.
Åheim, veke 24.
Bergsøy, veke 37.

Stabilt besøkstal

Mars månad hadde 81 registrerte besøk ved treningsstudioet på klubbhuset. Det er om lag same tal som i februar, då 78 personar opna døra.

Det er verdt å merke seg at dei reelle besøkstala er noko høgare, sidan det av og til er fleire som låser seg inn på huset i lag. Det er når ein nøkkelbrikke vert brukt, at eit besøk vert registrert.

Her er oversikta sidan opninga i oktober:

  • November 174
  • Desember 113 *
  • Januar 107
  • Februar 79
  • Mars 81

* Manglar perioden 23.-31. desember.

Fiber på klubbhuset

No har vi endeleg fått installert fibernettet på klubbhuset, og dermed kan abonnentar ved treningsstudioet benytte Internett der. Dei som har smarttelefon, kan også bruke TV-skjermen ganske enkelt.

For å gjere det, må ein laste ned appen «Google Home». Deretter må ein spele av det ein måtte ønske på telefonen sin, og velge «cast til Chromecast» i den aktuelle appen (feks Spotify, NRK TV, TV2 Sumo, Netflix osv.). Då vil det som vert spelt av på telefonen kome opp på TV-skjermen.

Påloggingsinformasjon til Internett (fiber) vil stå på ein plakat ved sida av TV-en.

Det går også an å bruke TV-en utan telefon, men då er det berre YouTube og nettlesar som er tilgjengeleg.

Velkomen til oss!