Avdelingsoppsettet for vårsesongen

Sunnmøre Fotballkrets har fordelt dei påmeldte laga i ungdomsklassene i ulike divisjonar og avdelingar. Våre to lag skal i utgangspunktet spele kampane sine tysdagar og onsdagar. Terminlistene kjem seinare.

Artikkelen til SFK om avdelingsoppsettet kan du sjå og lese her: https://www.fotball.no/kretser/sunnmore/aktivitet/aktuelt/2017/avdelingsoppsett-og-kampdagene-er-klare/

Vi kjem også i år til å ha tre fotballag i aksjon – alle i samarbeid med Kvamsøy. Det er G10 (oppsettet kjem seinare), J14 og G14. Det er motstandarane til fjortenårslaga som er klare.

Jentelaget skal møte Hareid, Hødd, Langevåg og MSIL, og skal spele dobbel serie (heime og borte mot kvart lag) i vårsesongen. Kampdag er onsdagar, men her kjem det sannsynlegvis endringar.

Gutelaget skal til våren spele mot Brattvåg, Dalsfjorden, Haramsøy/Nordøy, Harøy, Larsnes, Norddal/Eidsdal/Geiranger og Valldal. Her vert det enkel serie, altså ein kamp mot kvart lag. Tysdag er den planlagde kampdagen.

Kampoppsettet kjem seinare.

Til hausten vert det nye avdelingar. Laga har då sjansen igjen til å velje den divisjonen ein meiner passar for seg.

Årsmøte 1. mars

Det er i styremøte i dag bestemt at årsmøte vert halde onsdag 1. mars klokka 19.00. Truleg vert det på skulen.

Saker kan meldast inn til styreleiar Anne Bjørg Bringsvor på telefon 971 58 911 eller epost a.bringsvor@bta.as.

Innkalling/saksliste og saksdokument kjem snart.

Solide besøkstal

Treningsstudioet i Oshaugane vart som kjent for dei fleste, opna i oktober i fjor. Huset var ekstra flittig brukt dei første vekene – kanskje ikkje så spesielt akkurat dèt!

Etter at den tydelege opningsinteressa roa seg, har besøkstala likevel vore kjempegode. I november og desember hadde vi totalt om lag 300 besøk. Det er det samme som fem personar kvar einaste dag!

Foreløpig er det ingen tvil om at treningsstudioet er ein suksess – hald fram slik folkens!

HYTTA SI HISTORIE

TILBAKEBLIKK PÅ BYGGINGA AV KLUBBHUSET

Dei aller fleste har truleg fått med seg at Sandsøy IL planlegg ei utviding av klubbhuset på idrettsbana i Oshaugane. Det nye bygget er rekna til om lag 1,5 millionar kroner og skal innehalde eit trimrom og to garderober med dusj og toalett. I samband med prosjektet har vi leita i arkivet for å finne ut korleis det gjekk føre seg då det eksisterande huset vart bygt.

Les meir om HYTTA SI HISTORIE

Velkomen til oss!