Klubbhusprosjektet

Hausten 2014 gjekk styret i Sandsøy Idrettslag inn for å gjennomføre ei utviding av klubbhuset i Oshaugane. Bakgrunnen for prosjektet er ønskje frå bygdafolket om å etablere eit trimrom på øya. Årsmøtet i februar 2015 gav endeleg klarsignal for tiltaket.

Etter å ha sett på fleire moglege alternativ, kom ein fram til at det mest føremålstenlege er å utvide vårt eige hus. Det nye tilbygget vil forutan treningsromet huse to garderobar. Her på denne sida vil du finne teikningar, skriv og informasjon, samt all framgang i prosjektet.

Framdrift 2014-2016:
[07.10.16] Tilbygget ferdig og opna.

[24.08.16] Søknad om gåvemidlar (Gullkorn) sendt til Sparebanken Møre.
[31.05.16] Golvbelegg i garderober og gang er ferdig lagt.
[26.05.16] Treningsapparata frå Sportsmaster AS er komne.
[25.05.16] Sande Næringsforum KF set av ytterlegare 20.000 kr til oppgradering av handicap-toalettet.
[18.04.16] Invitasjon til pengestøtte.
[04.04.16] Byggelånet er på plass.
[02.04.16] Innvendig isolering påbegynt.
[09.01.16] Ytterdør og vindauge er på plass.
[15.12.15] Betongplate vert støypt innvendig og i inngangsparti utvendig.
[02.12.15] Sande Næringsforum KF løyver 80.000 kr til innreiing og treningsapparat.
[03.11.15] Sande Kommunestyre vedtek å søkje om spelemidlar til prosjektet på vegner av idrettslaget.
[23.09.15] Innvendig planering igangsett.
[05.09.15] Taket og huset er så godt som tett.
[06.08.15] Takstolkonstruksjonen er levert og under montering.
[23.07.15] Ringmur og ytterveggar er oppkomne. Det er planert innanfor murane og takstolar er venta første veka i august. Golvplate vert støypt etter at bygget er ferdig utvendig/tett.
[10.06.15] Informasjonsplakat.
[16.05.15] Sande kommune har innvilga søknaden om byggeløyve.
[10.05.15] Søknader om byggeløyve, spelemidlar og RDA-midlar er alle sendt til kommunen. Oppstart med graving vonleg innan eit par veker.
[15.04.15] Spelemiddelsøknad er under utforming, og vil bli sendt innan eit par veker. Søknad om byggeløyve er så å seie klar, men ikkje sendt pga. uavklart ansvarsrett. Dette er også rett rundt hjørnet, og behandlingstid for kommunen er tre veker.
[15.02.15] Artikkel om det eksisterande bygget.
Historisk tilbakeblikk på bygginga av klubbhuset.
[07.02.15] Presentasjon av prosjektet under årsmøtet i går.
Planteikning | Fasader | Modell 3D | Situasjonsplan | Kostnadsramme

[26.09.14] Planar om utviding av klubbhuset under utarbeiding.

Velkomen til oss!