Historie

Hovudtrekka i historia til Sandsøy Idrettslag:

# Sandsøy Idrettslag vart skipa 3. september 1972

Referat frå skipingsmøtet på Dollstun 3/9-72:
«Angåande skiping av idrettslag på øya, i samband med utviding av skuleplassen, var det sundag 3/9-72 møtt fram
mykje folk. Møtet vart leia av lærar Asbjørn Vorren. Som understreka kva foremunar det er å ha eit idrettslag i bygda.
Det var einighet mellom dei frammøtte om å skipe eit lag. Mange skreiv seg som medlemar.
Kontigent vart drøfta.Det vart valgt styre for Sandsøy Idrettslag: Per Våge, formann.
Dei andre i styret vart Sigfred Worren, Dagfinn Sande, Sverre Kvalsund og Randi Olsen.»

15. februar 1973: Sandsøy IL innmeldt i Norges Idrettsforbund.

20. desember 1973: Kommunestyret vedtek å løyve 500 kr til Sandsøy Idrettslag.

# Dei første åra dreiv laget med ymse aktivitetar

For det meste var det terrengløp og fotball.
Første terrengløp på Sandsøya 31. mars 1974.
Fiskekonkurranse på moloen jonsokaftan 1974.
Treningar for gute- og jentelag i fotball. Gutelaget etter kvart med i Sandeserien.

Første åra vart skuleplassen nytta, og ein ønskte utviding av denne.

På midten av 70-talet kom ideen om eigen idrettsplass.

# 7. oktober 1980: Vedtak om at Sandsøy Idrettslag skal meldast inn i Norges Fotballforbund

# Oshaugane Stadion vart bygd på starten av 80-talet og vart opna 17. april 1982

Banenemndleiar Fredrik Baade var ein stor pådrivar for idrettsbana.

Sjå filmklipp frå baneopninga på Facebook-sida vår.

# Utover på 80- og 90-talet var fotballen ein stor del av idrettslaget

Sandsøy-cupen vart første gong arrangert under baneopninga 17. april 1982.
Kvamsøy sitt lag gjekk av med sigeren i den første utgåva.
Seinare vart cupen arrangert kvart år fram til og med 1994 – avlyst året etter på grunn av dårleg vêr.

Idrettslaget stilte første gong med A-lag i seriesamanheng sesongen 1982.
Sandsøy IL hadde seniorlag i divisjonssystemet fram til 1995.
Deretter har ein hatt samarbeid med Kvamsøy, der spelarar frå Sandsøy har vore med på laget.

# Då tusenårsskiftet nærma seg, vart det nødvendig å skifte ut dekket på stadion

Etter ei tids planlegging, vart det gjort eit omfattande arbeid med å leggje ny grus.
Først vart det øvste laget av det gamle dekket fjerna. Deretter vart ny grus køyrt på.

Resultatet vart framifrå. Første kamp etter omlegginga vart rein utklassing, 6-2 mot Tjørvåg.
Det vart på styremøte 26. mai 1999 slått fast at det nye dekket var ein suksess for idrettslaget.

# Den største merkevara for Sandsøy IL i seinare tid såg dagens lys i 2004

Då vart den no vidt kjende Sjutoppsturen arrangert for første gong.
Første året var dette ein fellestur over sju toppar på Sandsøya i regi av trimgruppa.
Seinare har arrangementet vorte ei stor årleg hending for heile idrettslaget langfredag i påska.

Den niande utgåva, som gjekk av stabelen 29. mars 2013, gav deltakarrekord med 221 betalande deltakarar.

Tiårsjubileet i 2014 gjekk inn i historiebøkene med strålande vêr og 440 glade mosjonistar, konkurranseløparar og landevegsvandrarar.

# Grendacupen 11. august 2012 markerte at Sandsøy IL fylte 40 år og Oshaugane Stadion 30 år

Tre lag – Voksa FC, Kvamsøy og eit samansett lag frå Gursken, Larsnes og Vanylven – deltok i aktiv-klassa (ungdom),
medan Sandsøy og Kvamsøy gjorde opp seg i mellom i old boys-klassa.

Voksa FC og Kvamsøy trakk det lengste strået i dei respektive klassene, og fekk dermed napp i vandrepokalen som
vart innført i høve jubileumsarrangementet.

# Oktober 2016 vart eit splitter nytt treningsstudio med tilhøyrande garderober opna

Det var hausten 2014 styret gjekk i gang med planar om ei utviding av klubbhuset. Bakgrunnen var gjentekne ynskje frå bygdefolket om å etablere eit treningsrom på øya. Fleire alternativ til lokalitet hadde vorte lansert, men styret innstilte seg på å utvide eige hus.

Prosjektet vart vedteke av årsmøtet 6. februar 2015.

Velkomen til oss!