Sandsøy Idrettslag vart medlem av Norges Friidrettsforbund i april 2017. Grunnen til det var eine og aleine at vi skulle benytte oss av lisensordninga for mosjons-/løpsarrangement som ei forsikring av deltakarane på Sjutoppsturen.
Dei siste fem-seks åra fram til 2015 var det ei aktiv friidrettsgrupppe med born i skulealder, i idrettslaget.
Her er nokre bilete frå treningane vinteren og våren 2015:
Sjølv om denne ikkje er i aktivitet lenger, har vi fleire vaksne utøvarar som representerer Sandsøy IL. Då er det først og fremst snakk om fjelløp/terrengløp/motbakkeløp.
Sidan 2011 har det vanlegvis vore 10-15 slike løp per år med deltaking frå oss. Konkurransane finst rundt om i heile lokaldistriktet.
Følg med på oversiktssida for deltakingar og prestasjonar i løpskonkurransar.