Anlegg

Sandsøy Idrettslag sitt anlegg er plassert i det som heiter Oshaugane, sentralt på øya. Hovudvegen frå ferjekaia til Sandshamn går forbi her. Anlegget består av idrettsbane og klubbhus.

Bana vert mest brukt til fotball, men dei seinare år har det også vorte spelt tennis, drive friidrett og gått på langrennsski her. Underlaget er grus, noko som i desse dagar er svært uvanleg for fotballaktivitet.

Sjekk kva tid det er fotballkampar i Oshaugane.

Men til gjengjeld er det ei god grusbane, som nesten alltid er jamn og fin, og passeleg hard. Bana er plassert i steinbrotet der det vart henta fyllmasser til Voksevegen som vart bygd på slutten av 70-talet.

Oshaugane Stadion vart opna 17. april 1982. Video frå dette kan du sjå på facebook-sida vår.

Klubbhuset vart bygd i 1990. Her er det kiosk, utstyrsrom og to toalett. Hausten 2016 var huset utvida til også å innehalde to garderober med dusj og toalett.

Og ikkje minst eit eige treningsstudio. Det kan du finne ut alt om på treningsstudio-sida.

Sjå artikkelen med tilbakeblikk på bygginga av klubbhuset i 1990.

 

Velkomen til oss!