Måndagsturar i oktober

Fellesturane måndagskveldane held fram utover hausten. Her er programmet for dei komande vekene.

Det er forbehold om rimeleg godt vêr. Avlysingar vert annonsert berre på Facebook-sida til Sandsøy IL.

Turprogrammet framover er slik:

  • Måndag 28. september kl. 18: Sandslegene – oppmøte på Skare.
  • Måndag 5. oktober kl. 18: Voksa rundt, pluss Voksehaugen – oppmøte på ferjekaia.
  • Måndag 12. oktober kl. 18: Kleiveneset/Hornhammaren – oppmøte ved butikken.
  • Måndag 19. oktober kl. 18: Hellandsvågane – oppmøte på ytste snuplass, parkering eventuelt også på inste snuplassen.
  • Måndag 26. oktober kl. 18: Trollhola – oppmøte på ferjekaia.

Reglar som følgje av korona-situasjonen:

  • Alle som skal delta, bør ha god allmenntilstand.
  • Om du er sjuk, hald deg heime.
  • Halde avstand til kvarandre under turen.
  • Tenk generelt smittevern – ta vare på kvarandre på avstand.

Ta på deg kle etter vêr og vind, gode sko og refleksvest. Det er tillate å ta med hund i band. Alle er hjarteleg velkomne!

Legg att eit svar