Opprusting av anlegget

Vi har denne helga begynt arbeidet med rydding og vedlikehald av anlegget i Oshaugane, både på og rundt idrettsbana. Planen er å fjerne tre og uønska grasgroing i skråningane og langs kanten av bana, legge ny grus på delar av bana, og setje opp eit gjerde som skal skilje mellom parkeringsplassen ved klubbhuset og sjølve bana.

Laurdag var åtte personar i sving med felling og rydding av tre og buskar. Sjå bilda under. Tidlegare har det vorte starta som smått med å fjerne elementa som har vore brukt til sitjeplassar i skråningane, samt at dei gamle reklameskilta inkludert opphenget har vorte demontert.

 

 

 

Legg att eit svar