Heidra eldsjela Arnvald

I dei fleste bygder, lag og organisasjonar finn vi trufaste slitarar. Sandsøy IL har no gjort stas på ein av sine eldsjeler.

Arnvald Bringsvor har vore med i styre og stell, og hatt mange ulike oppgåver, heilt sidan tidleg på syttitalet. Mange kjenner han best som fotballtrenar, ikkje minst for det dyktige damelaget som var på Sandsøya. Han har i tillegg vore trenar for ei rekkje lag innan aldersbestemt fotball, i fleire tiår.

Dessutan har hans praktiske sans gjort seg positivt gjeldande for anlegget i Oshaugane. Her har Arnvald gjennom mange år vore ein «vaktmeister» av rang. Han har teke seg av alt frå kantslått og elektrikar-arbeid, til snøbrøyting og måling. Også når det gjeld trimtilbodet på øya har han vore ein medspelar og med-trimmar.

Etter årsmøtet i 2020 er ikkje Arnvald lenger med i styre og stell i eit idrettslag der trim og treningssenter er dei dominerande aktivitetane for tida. Likevel har Arnvald varsla at hanframleis vil hjelpe til om det trengst ei hand eller to. Ein typisk ja-person!

Etter det seinaste styremøtet, troppa styret i idrettslaget opp ved heimen til Arnvald. Han vart overraska med gode ord, ein fin vase, og blomster til å putte i vasen.

Legg att eit svar