Fellesturar igjen

Idrettslaget arrangerer fellesturar mandagskveldane i den komande månaden. Første tur går til Sandslegene måndag 18. mai kl. 18.

Turprogrammet er slik:

  • Måndag 18. mai kl. 18: Sandslegene – oppmøte på Skare.
  • Måndag 25. mai kl. 18: Voksa rundt – oppmøte på ferjekaia.
  • Måndag 1. juni kl. 18: Kleiveneset – oppmøte ved butikken.

Reglar som følgje av korona-situasjonen:

  • Alle som skal delta, bør ha god allmenntilstand.
  • Om du er sjuk, hald deg heime.
  • Halde avstand til kvarandre under turen.
  • Tenk generelt smittevern – ta vare på kvarandre på avstand.

Ta på deg kle etter vêr og vind, gode sko og refleksvest. Det er tillate å ta med hund i band. Alle er hjarteleg velkomne!

Legg att eit svar