Fin aktivitet i påska

Sjølv om Sjutoppsturen ikkje vart noko av, og det sedvanlege og yrande folkelivet på Sandsøya mangla i år, var det bra med aktivitet gjennom påska. Turløypene vert brukt til alle årets tider av mange, men langfredag er spesiell for enda fleire – tydelegvis.

Det var ganske mange som også i år gjekk dei sju toppane, sjølv om denne gongen var utan medalje, drikkestasjonar og hundrevis av gjestar. På bildet ser vi to av dei som gjekk Sjutoppsturen langfredag i 2020: Torbjørn Baade (til venstre) og Ivar Mork Vorren.

Legg att eit svar