Sjutoppsturen 2020 er avlyst

Sjutoppsturen 2020 er avlyst.

Årsaka til avlysinga er situasjonen med koronavirus og krava som er sette i verk frå helsestyresmaktene.

Dei som var førehandspåmelde vil få refundert det dei har betalt. Informasjon om dette vert gitt til den enkelte.

Sjutoppsturen har sidan oppstarten i 2005 blitt eitt av dei mest populære trimløpa i landsdelen. I fjor samla Sjutpoppsturen heile 867 deltakarar, når ein reknar tur- og konkurransedeltakarar under eitt.

Sandsøy Idrettslag kjem tilbake med ei ny utgåve av Sjutoppsturen neste år. Vi minner elles om at turløypene uansett er opne – heile året – for dei som likar å kombinere trim med fine naturopplevingar.

Legg att eit svar