Fellesturar i september

Idrettslaget arrangerer fellesturar mandagskveldane komande månad. Første tur går til Hornhammaren 2. september kl. 18.00.

Turprogrammet er slik:

  • Måndag 2. september kl. 18: Hornhammaren/Kleiveneset – oppmøte ved butikken.
  • Måndag 9. september kl. 18: Sandslegene – oppmøte på Skare.
  • Måndag 16. september kl. 18: Voksa rundt – oppmøte på ferjekaia.
  • Måndag 23. september kl. 18: Hellandsvågane – oppmøte på ytste snuplassen.
  • Måndag 30. september kl. 18: Hellandsfjellet – oppmøte i Våge.

Ta på deg kle etter vêr og vind, gode sko og refleksvest. Det er tillate å ta med hund i band. Alle er hjarteleg velkomne!

Legg att eit svar