Fotballjentene ferdigspelt

Mange har kanskje fått det med seg. Fotballaget Kvamsøy/Sandsøy J16, som spelte vårsesongen i år, er avvikla og ikkje lenger med i seriespel no etter sommaren. Dermed er det ingen lag som er aktive under Sandsøy Idrettslag.

Jentelaget vart altså det siste laget til Kvamsøy og Sandsøy inntil vidare. Samarbeidet om aldersbestemte fotballag mellom dei to klubbane har pågått i nesten ti år, og har fungert på ein god måte.

Som ein konsekvens av at laget er avslutta, har Juliane Voksøy Bringsvor gått til Hødd, der ho spelar for J16 (11-ar).

Vi har ikkje fått melding om at nokon andre frå det tidlegare jentelaget skal spele for andre klubbar. Men frå før er eit knippe gutespelarar framleis aktive i klubbar som Larsnes og Vanylven.

Vi takkar jentelaget for mange underhaldande kampar og gode resultat gjennom mange år!

Legg att eit svar