Snart Arthur-helg

Om berre ei veke er det igjen klart for Arthur-helga på Sandsøya. Idrettslaget er med i den frivillige gruppa som skal ha matservering på Fiskarheimen og kiosk ved Kongsvollen. Og for friluftsinteresserte arrangerer vi, som mange kanskje veit, gruppeturen «Smak av Sjutoppsturen» laurdag 10. august kl. 16. Her er noko oppdatert informasjon om nettopp det!

Alt som skjer på Sandsøya og Voksa helga 9.-11. august 2019 finn du på denne sida: sandsoy.no/kva-skjer/kong-arthur-spelet-2019

Om du ikkje har fått med deg kva «Smak av Sjutoppsturen» er, kan du lese basisinformasjonen om arrangementet ved å trykke her.

I tillegg kan vi informere følgande:
Turen vert saman med Martin frå Fjellføraren leia av sandsøyingane Ingar Støyle Bringsvor og Eirik Voksøy Bringsvor.

Ingar er hobbyornitolog, kjent for mange, og er generelt glad i naturen. Han har spesielt interesse for sjeldne fugleartar – noko det er og har vore mange av på Sandsøya.

Eirik er fem gongar vinnar av fjelløpet på si eiga heimebane langfredag i påska, altså Sjutoppsturen. Han har den ståande løyperekorden på tida 1.22.37! Gjennom hyppige treningsturar kjenner Eirik turløypene så godt som nokon andre.

Nedanfor kan du sjå ein video frå løypa over fjellet Dollsteinen, som for mange vil vere høgdepunktet på turen.

Det er 1. august og det nærmar seg Arthur-helga og gruppeturen vår 'Smak av Sjutoppsturen' laurdag 10. august….

Publisert av Sandsøy Idrettslag Torsdag 1. august 2019

 

Legg att eit svar