Gruppetur med guide laurdag 10. august

Sandsøy Idrettslag arrangerer i samarbeid med Fjellføraren ein gruppetur med utgangspunkt i løypa til Sjutoppsturen laurdag 10. august kl. 16. Dette er i same helga som Kong Arthur-spelet har framsyningar. Det er sett ei grense på maksimalt 16 deltakarar, så her gjeld det å melde seg på snarast mogleg!

Turen har fått namnet «Smak av Sjutoppsturen». Skildring av turen kan du lese lenger nede i denne artikkelen. Følg gjerne også med på arrangementet si side på Facebook (trykk på teksten).

Fjellføraren driv med større og mindre gruppeturar og naturopplevingar. Naturguide Martin Hauge-Nilsen har relevant utdanning, og har sjølv delteke i Sjutoppsturen mange gongar. Sjekk heimesida http://fjellforeren.no/ for meir informasjon om verksemda.

Gradering/vanskelegheitsgrad: Krevjande (bratte parti, og 13 km lang tur)
Tidsbruk: ca. 6 timar
Pris: kr 300 per person
Maksimalt 16 deltakarar.
Deltaking på eige ansvar.
Bindande påmelding.

Påmelding til post@sandsoyil.no. Skriv namn, adresse, telefonnummer, og evt. ønske om teltplass (sjå eigen info).

Oppmøte ved Coop Marked Sandsøy (på Sandshamna) frå kl. 15.30.

Dersom spørsmål, ta kontakt via post@sandsoyil.no eller info@fjellforeren.no.

Turen har utgangspunkt i løypa til den kjende Sjutoppsturen, og går i tillegg opp på fjellet Dollsteinen, samt gjennom nokre parti utanom den kjende løypa. Turen er eit samarbeid mellom Sandsøy Idrettslag og Fjellføreren ved naturguide Martin Hauge-Nilsen.

Denne helga er Kong Arthur-spelet på Sandsøya, med framsyningar laurdag kl. 13.00 og 16.30, og søndag kl. 15.00. Historia som det humoristiske spelet tek utgangspunkt i, handlar blant anna om Dollsteinhola – grotta som går inn i Dollsteinen og ned under havnivå. Denne turen går forbi inngangen og opp på toppen av Dollsteinen, 227 m.o.h., der det er bratte sider på alle kantar.

Nyttig info:
Ferjetider: Det er ferje til Voksa (bru over til Sandsøya) med ankomst kl. 15.45. Starten på turen kl. 16.00 er tilpassa dette. Tilbake frå Voksa kl. 22.15. Ein må sjølv syte for transport til Sandshamna på Sandsøya.

Overnatting: Det er svært begrensa kapasitet i hytter og rorbuer denne helga, då det meste sannsynlegvis er opptatt. Dersom turdeltakarar ønsker å overnatte i eigne telt eller i hengekøye-camp, kan vi ordne/formidle høveleg plass for dette – samt tilgang til sanitæranlegg. Gje beskjed om dette ved påmelding.

Sjekk Facebook-sida ‘Hengekøyecamp: Vind i luggen’ – her kan du bestille leige av hengekøye dersom du ikkje har sjølv!

 

Legg att eit svar