Attraktiv aktivitetskveld

Aktivitetskvelden på idrettsbana på Sandsøya laurdag tiltrekte seg 70-80 personar, og fauk av seg på flott vis. Dei frammøtte var enten med på fotball, volleyball og nokre konkurransar for dei minste – eller dei var tilskodarar i kombinasjon med sosialt samvær.

Mange spelte volleyball, mange spelte fotball – og nokre gjorde begge deler, om enn ikkje samtidig. Både dei yngste og dei godt vaksne fekk vere med på akkurat det dei ville, sjølvsagt med krav om å ta omsyn til kvarandre.

Innleiingsvis fekk dei aller yngste vere med på nokre konkurransar som var organisert. Det var blant anna lengdehopp og presisjonsløp.

I kiosken var det sal av grilla hamburger og pølser. Bana var strøken, sjølv om det tørre vêret den siste veka førte til ein del grus-støv. Ein liten bris i tretoppane gjorde at ein slapp unna knotten denne gongen, og det var likevel ikkje kaldt for dei stillesitjande!

Legg att eit svar