Aktivitetskveld laurdag 13. juli

Sandsøy Idrettslag inviterer til «Aktivitetskveld» på Oshaugane Stadion, altså ved treningsstudioet/klubbhuset, laurdag 13. juli frå kl. 17.00. Det vert aktivitetar som til dømes fotball, volleyball, lengdehopp, samt ulike konkurransar. Vi vil også ha sal av grillmat.

Arrangementet er av omtrent likt format som «Fotballkveld» i fjor og tidlegare år, men no med fleire aktivitetstilbod. Det er ingen påmelding og heller ingen aldersgrense – berre møt opp og ta del i det du har lyst til!

Dette er også eit sosialt arrangement, og ein del av satsinga til prosjektgruppa Sandsøya og Voksa i Utvikling. Det er nokre ungdomar som har fått i oppgåve å arrangere denne tilstellinga.

Legg att eit svar