Eirik på 26.plass i motbakke-NM

Laurdag 22. juni vart noregsmeisterskapen i motbakkeløp arrangert  som ein del av Mefjellet Opp 2019 i Valldal på indre Sunnmøre. Eirik Voksøy Bringsvor deltok for Sandsøy IL, og sprang over målstreken etter 1100 høgdemeter til 31. beste tid av 167 deltakarar totalt, medrekna både damer og herrar. På NM-resultatlista er prestasjonen den 19. beste i seniorklassa for herrar, og 26.plass når vi også tek med juniorherrane.

Det er slik at løpet er ope for alle, sjølv om det har status som NM. Det betyr at dei som ikkje er norske og/eller ikkje er tilslutta ein klubb som er medlem i friidrettsforbundet, vert tekne bort når resultatlistene for NM vert skrivne.

Av dei som sprang raskare enn Eirik denne gongen, var det to damer (éi svensk og éi norsk – sistnemnde forresten Karoline Holsen Kyte som vann Sjutoppsturen i år) og tre herrar (blant anna den raskaste av alle) som ikkje var berettiga for deltaking i NM.

Men kanskje mest «rett» måte å sjå det på: Eirik var den 28. beste norske herreløparen i løpet med NM-status i 2019.

Det er sagt at startfeltet i dette løpet var av dei sterkaste i eit NM-motbakkeløp nokon gong. Det skal seiast at Eirik har sprunge denne løypa raskare i ei tidlegare utgåve av Mefjellet Opp, men uansett er dette ein god prestasjon! Med tida 52:32 var han eit halvt minutt bak sin eiga bestenotering.

Til samanlikning spring dei beste ti minutt raskare – eller om lag 25 prosent kjappare… Torstein Tengsareid frå Skjalg IL vart noregsmeister med tida 42:05!

Andre løparar frå Sunnmøre som var framom Eirik er Andreas Skylstad (Norangdal IL) med tida 47:58, Lars Åkernes Rimereit (Eidsdal IL) på 48:44 og Iver Matias Glomnes (Strindheim IL, men frå Valldal) på 48:55.

Resultatliste for NM finn du her (trykk på teksten).

Resultat med alle deltakarar finn du her.

Her kan du lese Kondis sin reportasje frå Mefjellet Opp 2019!

Legg att eit svar