1-2-3 og fem poeng

Vårsesongen er over for fotballjentene Kvamsøy/Sandsøy J16, etter at siste kampen vart spelt på Kvamsøya onsdag denne veka. Der vart det tap med 1-7 mot Vanylven 2. På dei seks kampane i vår vart det dermed ein siger, to uavgjorte og tre tapte kampar. Og med fem poeng enda vi på femteplass på tabellen blant dei seks andre laga.

Det er nettopp Vanylven 2 som kapra førsteplassen med sigeren i siste kamp. Dei fekk 13 poeng etter fire sigrar, ein uavgjort og eitt tap. På plassane bak, med like mange poeng, men dårlegare målstatistikk, er Larsnes og Ørsta 2.

Heile tabellen finn du her (trykk på teksten).

Sjølv om det ikkje vart meir enn ein siger denne sesongen, har vi fått mykje god underhaldning, spenning og flotte mål i løpet av våren!

Legg att eit svar