Fjelløpssesongen i gang for fullt

Dei siste vekene har dei mange fjelløpa i sommarhalvåret teke til å bli arrangert rundt omkring, og det med deltaking frå Sandsøy Idrettslag. Tony Stian Våge, Anders Bringsvor og Eirik Voksøy Bringsvor har alle vore med på eitt eller fleire løp. Her er ei oversikt over korleis det har gått.

Løpet med tøffast konkurranse (mange meritterte løparar) hittil i sesongen, var laurdag 8. juni i Syvde, med Blåfelden Rett Opp som er 4,2 kilometer langt, og som byd på over 800 høgdemeter. Her hevda Eirik seg godt med sin femteplass i herreklassa, knappe fire minutt bak vinnaren.

Frå Blåfelden Rett Opp, laurdag 8. juni 2019.

Desse løpa har Sandsøy IL vore representert på:

Motbakkeløpet til Hidsegga, Moltustranda 25. mai:
Eirik Voksøy Bringsvor, 2.plass
Les meir: Vestlandsnytt sin reportasje.

Storehornet 497, Godøya 26. mai:
Eirik Voksøy Bringsvor, 3. plass
Tony Stian Våge, 33.plass
Resultatliste på EQ Timing.
Les meir: Kondis sin reportasje.

Blåfelden Rett Opp, Syvde 8. juni:
Anders Bringsvor, 28. plass
Eirik Voksøy Bringsvor, 5. plass
Resultatliste på EQ Timing.

 

Legg att eit svar