Jamnspelt, men tap til slutt

Det var lenge ein tett og jamn fotballkamp mellom Kvamsøy/Sandsøy og Volda/Folkestad 2 tysdagskvelden denne veka. Bortelaget hadde eit visst overtak gjennom mesteparten av dei 80 speleminutta på Oshaugane Stadion, men jentene våre la ned ein god innsats og kjempa mot dei gode gjestane.  Sluttresultatet vart 3-6.

Talet på målsjansar og talet skot på mål var nemleg nokså likt for laga, sjølv om Volda/Folkestad 2 hadde mest kontroll i banespelet. Ein god keeper og nokre sleivspark var det som hindra heimelaget frå å skore fleire mål.

Rundt midten av andre omgang reduserte Kvamsøy/Sandsøy til 3-4, men like etter låg ballen i det andre målet, og det stod 3-5. Både før og etter dette kunne og burde heimelaget putta eit par ballar i mål.

Men det var omtrent like mange store sjansar andre vegen, så det var alt i alt fullt fortent at dei tre poenga tok turen innover fjordane denne gongen.

Med dette er Kvamsøy/Sandsøy på femteplass av sju lag, når ein kamp står att av vårsesongen. Den siste kampen er mot Vanylven 2, på Kvamsøya måndag 17. juni.

Legg att eit svar