Siger i første heimekampen

Fotballaget Kvamsøy/Sandsøy J16 spelte første heimekampen i 2019-sesongen onsdag denne veka. Gjestelaget Tjørvåg/Gurskøy vart overvunne med resultatet 6-0 i ein god kamp på Oshaugane Stadion av våre jenter.

Det vart tre mål både før og etter pause. Kampen var ingen total dominans av heimelaget, men der Tjørvåg/Gurskøy ikkje klarte å lage mål av sine sjansar – mykje på grunn av ein god heimekeeper – gjorde Kvamsøy/Sandsøy nettopp dét. Dei sette ballen i mål.

Sjølv om gjestane også godt kunne fått mål, var det fullt fortent at dei tre poenga vart igjen i ytre Sande. Heimelaget hadde mest kontroll også på banespelet, og var i tillegg ganske effektive framom mål. Likevel kunne det vorte enda fleire mål med tanke på talet på målsjansar. Det var om lag 30 tilskodarar på kampen.

Dette var altså den andre kampen for sesongen. Måndag i førre veke var første kampen, det mot Bergsøy på bortebane. Her vart sluttresultatet 1-1. Dermed står Kvamsøy/Sandsøy med fire poeng etter to av seks kampar i vårsesongen.

Kampoversikta og tabellen finn du her (trykk på teksten).

Neste kamp er heime på Kvamsøya mot Ørsta 2 måndag 20. mai. Første veka i juni er neste kamp på Sandsøya, då mot Volda/Folkestad 2. Kampen skal etter planen spelast måndag 3. juni.

Lagbilete av Kvamsøy/Sandsøy J16 frå kampen mot Bergsøy.

Legg att eit svar