Tips til turen

Vi har samla nokre tips for deg som har tenkt å ta turen i morgon.

Tips: Sidan det er så tørt i løypene, er det større fare for gnagsår. I tillegg til å bruke sko som passar foten (sjølvsagt), er det lurt å bruke to par sokkar – ein tynn inst og ein litt tjukkare utanpå. Då vil sokkane gli mot kvarandre, og ikkje mot foten!

Tips: Det er omtrent sommar på Sandsøya no. Vi oppfordrar alle til å ta med eigne drikkeflasker – i tillegg til drikkestasjonane. Det vil vere mogleg å fylle på desse ved drikkestasjonen etter topp 2. Det er viktig å drikke mykje tidleg på turen, for ikkje å bli dehydrert mot slutten!

Tips: Dersom nokon er uheldige, og det oppstår skader ute i løypa, ring telefonnummer 971 58 911 – så vert det vidareformidla kontakt med Røde Kors. Dei er klare til å hjelpe dersom det er behov! PS. Telefonnummeret står også på startnummeret ditt.

Tips: Det er hengt opp informasjon om båtskyssen på alle kaiene. Her finn du dei rettleiande rutetidene. Billettering skjer på kaia på Sandsøya, og betalinga gjeld då for tilbaketuren også (dagspass).

Tips: Det er montert kraftige tau i spesielt vanskelege parti av løypa ned frå topp 4 til drikkestasjonen i Hellandsvågane. Ta deg god tid og ver tolmodig dersom det hopar seg opp med folk. Det kan vere glatt sjølv om underlaget er tørt.

Tips: Det er fullt mogleg å stå seint opp og gå turen i løpet av ettermiddagen og kvelden! Vi held ope i målregistreringa fram til kl. 21 dersom det er folk i løypene. Vi har også sjanse til å skysse folk til ferga på kveldstid, etter at båten ikkje går lenger.

Legg att eit svar